Vijaya Bhattacharya frå India får god hjelp i nysatsinga frå ektemannen Avik Bhattacharya og deira to små barn. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Pop-up-butikken «Mods4Mars» freistar med tekniske leiker for å skape læringsglede blant ungar på Stord.

For nokre veker sidan opna det ein ny leikebutikk på Amfi-senteret. Det er Vijaya Bhattacharya frå India som står bak nysatsinga «Mods4Mars», som førebels er ein midlertidig butikk, ein såkalla pop-up-butikk.

– Me vil selje leketøy som gjer at barn lærer samtidig som dei leker, fortel ho.

Konseptet til butikken er å selje leiker som stimulerer barn til lærling, i staden for å vere passive konsumentar av underhaldning. I butikken er det mykje tekniske duppedittar å sjå, til dømes robot-byggesett.

Alternativ til å sjå på TV

– Me vil at dette skal vere eit alternativ til å sjå på TV. I staden for å sitje passivt heime så vil me gi dei alternativ som kan vere spennande.

Namnet «Mods4Mars» bygger på «modifications to go to mars», og speler på det å strekke seg etter nye mål.

- Annonse -
- Annonse -

– Menneska set seg heile tida nye mål, og akkurat no er det mykje snakk om å dra til Mars. Så kanskje ungane som leker i dag er dei som skal finne ut korleis me skal klare å reise til Mars, smiler Vijaya.

Vijaya får god hjelp frå mannen Avik, som også kjem frå India. Dei møttest i Sydney i Australia, der dei begge studerte tekniske ingeniørfag. Så fekk dei begge jobb på ABB på Stord, der Avik framleis jobbar.

- Annonse -
Eitt av produkta i butikken er eit robot-byggesett.

Vil skape engasjement for tekniske ting

Men også deira to barn har vore ein viktig inspirasjonskjelde i satsinga.

– Å ha to barn i leikealder er ein god hjelp. Det var ein motiverande faktor. Me prøvde å finne ut korleis me kunne skape engasjement for tekniske ting. Me såg at det var mykje spennande på marknaden når det gjeld nyskapande leiker, men ikkje så mykje på Stord. Så me ville gjere vårt bidrag til at barn på Stord kan ha det gøy samtidig som dei lærer noko nytt.

Paret starta ein nettbutikk i sommar, men hadde behov for å hauste erfaring frå ungane som faktisk brukar leikene.

– Me ville sjå kva ungar eigentleg likar. Utan å sjølv erfare kva som skapar interesse er det vanskeleg å vite. Dette er eit meir eit eksperiment for å sjå kva ungane likar og interesserer seg for.

Dersom salet går bra i førjulstida vil Vijaya vurdere å gjere butikken om til ein permanent leikebutikk, som også skal vere ein stad ungar kan dra for å leike.

– Etter kvart har me lyst å arrangere gratis «play shops», i staden for workshops, der barn kan kome her og leke og få hjelp til å bygge dei. Så kan foreldra seinare velje om dei vil kjøpe lekene eller ikkje.

- Annonse -