Bilforretninga var etablert i Podlen i Sagvåg. Foto: Google
- Annonse -

Den ferske forhandlaren Bare Brukt Bil Stord har etablert seg i Sagvåg og skal selje bilane som dei store forhandlarane ikkje vil ha. 

Den nye bilforretninga har allereie så smått etablert seg, og held til i Podlen-bygget i Sagvåg. Bak satsinga er trekløveret Roger Johnsen, Cathrine Erica Haukedal og Jan-Inge Aasheim.

Forretningsideen er kort og godt å selje dei billigaste bruktbilane på marknaden.

– Planen er å tilby billige bruktbilar til folk. Me vil basere oss på bilar som skal koste mellom 10.000 og 100.000 kroner, og skal vere eit rimeleg alternativ til dei etablerte forhandlarane, fortel Jan-Inge Aasheim.

Rimeleg alternativ

– Me vil vere eit alternativ til folk som ikkje har så mykje pengar, eller som ikkje ønskjer å bruke så mykje pengar på bil. Til dømes folk som treng ein ekstra arbeidsbil. Me skal treffe ein marknad der det ikkje er alle som har lyst å ta opp masse lån for å kjøpe bil.

- Annonse -

– Kven vil de konkurrere mot?

– Me har vel eigentleg ingen hovudkonkurrentar. Me har snakka med bilbransjen og dei ser veldig positivt på at me etablerer oss. Dei synest det er topp at me gjer dette fordi dei ofte får inn bilar som dei ikkje gidd å bruke tid å pengar på, så då kan me heller ta dei inn.

Vil selje for folk

Dei nye bilforhandlarane vil basere seg på kjapp omsetnad av bilar, og vil også tilby sal av bruktbilar for folk som ikkje har tid til å gjere det sjølv.

– Planen er å selje bilar for kundar som ikkje vil bruke tid eller krefter på å selje sjølv så kan me gjere det for ein fast provisjon.

Dei har allereie fått inn bilar frå ein forhandlar i Haugesund og har opna dørene for kundar i Podlen. Men Aasheim vedgår at dei ikkje har den største plassen.

– Kapasiteten er litt dårleg, så me må satse på rask omsetnad. Men det er klart me ikkje har vald den beste plassen å starte opp, men dersom dette går bra vil det jo vere naturleg å flytte til større lokale.

- Annonse -