Foto: Tysnesfest.
- Annonse -

Trass i at finalen blei kansellert grunna ekstremt sommarvêr så har Tysnesfest aldri seld så mange billettar som dei gjorde i år.

Arrangørane selde over 32.000 billettar til årets festival. Det er ei auke på nesten 5000 billettar i høve til i fjor.

Fjoråret var også eit rekordår for festivalen. Folkefesten på Tysnes vart starta i 2007 då det kom 4500 besøkande, og har hatt ein god og stabil vekst sidan den gongen.

– Alt i alt har arrangementet vore heilt konge. Me er utruleg nøgd med gjennomføringa og oppmøtet. Viss ein tek med alle arrangementa, så kjem me opp i 32.233 selde billettar. Den auken frå i fjor hadde me ikkje sett kome, seier festivalsjef Sigvard Madsen til Os og Fusaposten.

Årets festival fekk likevel ein noko brutal slutt, då konserten til eitt av dei store trekkplastra, artisten Alan Walker, måtte avlysast grunna vêret. Det regna og bles så mykje at arrangørane vurderte det som utrygt å halde fram med festivalen.

Sjå bilete frå spetakkelet her:

- Annonse -

Tysnesfest 2017 er historie. Den 11. festivalen blei eit eventyr med godt vêr, supre artistar, nydelege gjestar, og…

Geplaatst door Tysnesfest op Zondag 16 juli 2017

- Annonse -