Foto: Pixabay
- Annonse -

To bartenderar i Haugesund er no stadfesta koronasmitta.

Smittesporingsteamet ønskjer kontakt med alle gjestene som har vore på stadene der dei jobba.

Kommuneoverlege Katrine Marie Haga Nesse i Karmøy stadfestar tysdag overfor Haugesunds Avis at ein bartender på Bytunet Nattklubb i Haugesund sentrum har testa positivt.

– Det er svært viktig at alle som har vore på nattklubben Bytunet Nattklubb i Haraldsgata i Sildajazz-helga, tek kontakt med smittesporingsteamet i kommunen sin. Dei må i karantene og teste seg for koronavirus, seier kommuneoverlegen.

Måndag vart det stadfesta at ein annan bartender i Haugesund var smitta av covid-19.

I samband med dette ønskjer smittesporingsteamet i Haugesund å kome i kontakt med alle som har vore på utestadene Rabinowitz og Dikselen 31. juli, 1. august, 2. august og 3. august.

- Annonse -