Stord-ordførar Gaute Epland (Ap) og Fitjar-ordførar Wenche Tislevoll (H) var blant gjestene under dagens jubileumssending. Foto: NRK Hordaland
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Måndag ettermiddag feira NRK Hordaland 40-årsjubileet for kontoret sitt på Leirvik.

Det var dåverande kringkastingssjef Torolf Elster som opna NRK-kontoret på Leirvik på Stord for 40 år sidan. Jubiléet vart markert ved at heile ettermiddagssendinga «Hordaland i dag» vart lagt til Stord kulturhus. Lenge var det nettopp her Stord-kontoret heldt til.

I tillegg til til lokalreporter Marte Rommetveit, vert Øyvor Bakke og Siv Fossåskaret programleiarar for jubileumsendinga. Sistnemnde er blant dei som har jobba ved kontoret, skriv NRK Hordaland i ei melding.

– For NRK Hordaland er Sunnhordland ein viktig region, og me er stolte av at kvar fjerde sunnhordlending lyttar til NRK Hordaland dagleg, skriv kanalen.

Jubiléet vart feira med kake og gjenhøyr med opningstalen som kringkastingssjefen heldt i 1979. I tillegg vart det mimring med tidlegare NRK-røyster som har jobba ved Stord-kontoret.

Blant anna Geir Rommetveit, som jobba ved kontoret i mange år. Då var kontoret i andre etasje på Kulturhuset.

- Annonse -

– Det beste med å vere her var at det var så mykje folk som gjekk inn og ut. Her skjedde det masse heile tida, sa Rommetveit under jubileumssendinga.

– Kva var det beste med denne jobben?

– At den var på Stord, der eg ville bu. Og at det var så mange ferjer og så mykje kjekke folk. Det var kjekt at det var fokus på magasin og mjuke saker. Det var ikkje det stresset med å grave opp nyheiter som i dag. Det var rett og slett veldig kjekt.

- Annonse -