Sæ barnehage på Ås blit selt frå lokale hender. Foto: Sæ barnehage
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Hilde Grindevik og Grete Håvardsholm har selt aksjane sine i Sæ barnehage, som er den største private barnehagen på Stord.

– Etter å ha vurdert fram og attende har Grete og eg beslutta at me ønskjer å drive Sæ barnehage vidare, men at me ikkje ynskjer å sitte som eigarar av barnehagen, skriv eigarne i ein epost til alle barnehageforeldra måndag.

Det er Læringsverkstedet som kjøpar barnehagen.

Grindevik og Håvardsholm opplyser at endringa ikkje får noko praktiske følgjer for dei tilsette eller for dei godt over 100 barnehageungane.

– Sæ barnehage skal framleis drivast i «vår » ånd, me skal ha vår særeigenhet – vår giv og entusiasme . Endringen vert kun at Grete og eg får mindre ansvar på eigarsida.

Læringsverkstedet er Norges største barnehagekjede, med rundt 230 barnehagar landet rundt. Sæ barnehage blir den første til barnehagekjeda på Stord.

- Annonse -

– Me er stolte og glade for å få denne tilliten. Overtakinga medfører svært få praktiske endringar for foreldre som har barn i barnehagen. Alle tilsette held fram i stillingane sine og drifta held fram som vanleg, skriv Læringsverkstedet.

Sæ barnehage har 46 tilsette og omsette i fjor for rundt 24 millionar kroner, og hadde eit resultat før skatt på 1,5 millionar kroner. Sjå fleire rekneskapstal under:

- Annonse -