Mange ungdom vil sjå Kamelen. Foto: Youtube
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Hiphop-fenomenet Kamelen frå Bergen har slått hardt frå seg, både fysisk og på scenen. I sommar kjem han til Fest i Vest i Sagvåg.

Kamelen skapte overskriftar for nokre år sidan då han var på rømmen, ettersøkt etter fleire lovbrot. I fjor vart han ferdig med å sone ein 20 månadar lang dom for blant anna biltjuveri, heleri, trusler og vald, i følgje magasinet STOFF.

Etter dette har suksessen ikkje lete vente på seg. Han har vore headliner både på Verftet i Bergen og Sentrum scene i Oslo, og gav i november ut plata Ambivalent, som fekk til dels gode kritikkar.

No er det altså klart at bergensrapparen blir å sjå på scena under Fest i Vest i Sagvåg i sommar.

– Kamelen har for lengst markert seg i norsk presse, og med låta «Si Ingenting» blei han ein umiddelbart hype i norsk rap. Han har følgt opp med hitsinglar som «Klubbkamel», «D E Digg» og «Beng Beng Beng», skriv Anders Fosse i Fest i Vest.

Han er nøgd med å ha booka ein artist som kan samle ungdomar og yngre vaksne.

- Annonse -

– Me har lagt mykje arbeid ned for å skaffe ein artist som fengar eit kresent publikum. Me håpar Kamelen treff dette publikumet og lagar ein flott kveld, seier Fosse.

Festivalleiinga har også invitert det lokale Stord-bandet JetFred tilbake til Sagvåg. Han spelte på den første festivalen, i 2016.

– JetFred lagde skikkeleg liv og stemning med sine re-arrangerte versjonar av kjende og kjære poplåter til hardslåande rockelåter. I 2018 vil bandet frå Stord levere både eigenkomponert materiale, samt nokre heilt fantastiske tolkingar.

Sjekk ut smakebitar frå Kamelen her:

Og frå JetFred (videoen er laga av Severin Eskeland):

- Annonse -