Foto: Wikimedia Commons
- Annonse -

På eit ekstraordinært møte har Noregs Bank vedteke å kutta styringsrenta med 0,75 prosentpoeng til 0,25 prosent. Dei opnar òg for nye rentekutt.

– Lågare lånekostnader på eksisterande og nye lån kan gjera det enklare for norske bedrifter å koma seg gjennom ei krevjande tid. Det vil òg kunna hjelpa hushald som får reduserte inntekter, skriv Noregs Banks komité for pengepolitikk og finansiell stabilitet i ei melding.

Noregs Bank sette førre veke ned styringsrenta frå 1,5 prosent til 1 prosent. Dermed har Noregs Bank kutta renta med totalt 1,25 prosentpoeng på éi veke.

Torsdag kutta den britiske sentralbanken Bank of England styringsrenta frå 0,25 til 0,1 prosent på grunn av den økonomiske uroa som følgje av koronaviruset. Nivået på den britiske renta er den lågaste nokosinne.

I pressemeldinga skriv Noregs Bank at dei løpande vil vurdera tiltak for å sikra at styringsrenta får gjennomslag til pengemarknadsrenta, og dei ser ikkje bort frå at renta kan bli sett endå meir ned.

Neste ordinære rentemøte er 6. mai, men sentralbanken kan ta nye renteavgjerder utanom dei ordinære møta.

- Annonse -