Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Bankfilialen til Nordea på Heiane vil ikkje lenger ha faste tilsette, og vil berre vere ope for kundar ved avtale. 

– Det me gjer er å endre kontoret til å vere ope éin dag i veka, slik at kundane vil kunne treffe oss ved behov, seier banksjef for personmarknad i Nordea i Rogaland og Sunnhordland, Rune Jåtun.

Bankfilialen vil dermed ikkje lenger ha ope i vanleg kontortid, slik som i tidlegare.

– Me gjer ein effektivisering. Vanane til kundane endrer seg, og me er jo ein døgnopen bank på nettet der kundane i dag får dei aller fleste tenestene. Samtidig vil dei som ønskjer å møte oss framleis få høve til å gjere det ved førespurnad.

Jåtun understreker likevel at dette ikkje er starten på ei nedlegging av Stord-kontoret.

- Annonse -

– Me har ikkje lyst å trekkje oss ut frå Stord i det heile teke. Stord er ein stad me har vore i mange år, og vil halde fram med å vere.

- Annonse -
- Annonse -

Stord-kontoret vil no bli leia av Nordea i Haugesund.