DEBATT: Det har vorte skrive og sagt mykje om seglforeininga si brygge på Skotabergkaien den siste tida. Framstillinga har oftast vore einsidig og unyansert, og det er behov for å tydeleggjera nokre vesentlege poeng i saka.
Av: Edgar Inge Damås (Ap),
leiar i utval for plan og utvikling
1. Mellombels hurtigbåtkai
Ei av innvendingane mot avtalen har vore at det vil kunna verta behov for å nytta Skotabergkaien som mellombels hurtigbåtkai når/om hotellet på Nattrutekaien vert bygd.
Kommunestyret la difor inn ein føresetnad om at dersom Skotabergkaien vert vurdert å vera mest eigna som mellombels hurtigbåtkai, så må seglforeininga flytta brygga si for eiga rekning i denne perioden. Tilbakemeldingane frå Skyss peiker på Skotabergkaien, men samstundes at det truleg er tilstrekkeleg å ta vekk uteriggarane mot aust på seglforeininga si brygge for å få plass til hurtigbåtane i ein mellombels periode.
Brygga må altså truleg ikkje flyttast i sin heilskap sjølv om Skotabergkaien skal fungera som mellombels hurtigbåtkai. Dette vert endeleg teke stilling til i ei sak til Utval for plan og utvikling (PUT) snarleg.
2 Økonomi
Avtalen med seglforeininga har, som opplyst til PUT, ein total verdi på 110 400 kroner. Samstundes er den resterande delen av kaien disponibel for anna inntektsbringande verksemd. Ambulansebåten vil fortsetja å liggja på Skotabergkaien og betaler om lag 120 000 kroner årleg.
Det gir ei samla inntekt på kaien på om lag 230 000 kroner i året, det vil seie ein høgare sum enn det kommunen har hatt i årleg snittinntekt på kaien dei siste fem åra.
Det er altså ikkje grunnlag for Høgre sin påstand om at avtalen med seglforeininga inneber at kommunen mistar betydelege inntekter kvart år. Påstanden gjev endå mindre meining når me veit at i to av dei fem siste åra leigde – den også mykje omtalte – husbåten akkurat den same plassen som seglforeininga no leiger, til halve prisen.
Det var eit breitt fleirtal i kommunestyret (23 av 35 representantar) som gjekk inn for å leggja til rette for seglforeininga på Skotabergkaien. Det gjorde me, under føresetnad av at kommunen sine inntekter på kaien ville verta om lag dei same, for å:
- leggja til rette for eit idrettslag som driv meiningsfull og kjekk aktivitet for medlemmene der mange er born og unge.
- skapa ny aktivitet og bidra til eit levande Leirvik sentrum.
- utvikla ein meir attraktiv indre del av hamna for innbyggjarar og gjester, mens ein legg opp til å flytta næringstrafikken og større båtar til ytre del. Dette er eit hovudmål i strategien for indre Leirvik hamn som eit samrøystes kommunestyre, inklusive Høgre, har stilt seg bak.
Desse momenta har drukna i lokalavisene si einsidige og konfliktorienterte dekning av saka.
Til slutt: Arbeidarpartiet har tidlegare stilt spørsmål ved Magne Bjelland (H) si rolle i denne saka. Me synest det er uryddig at han som leiar av Eldøyane sjøsportssenter er den som frontar saka for Høgre, ikkje minst då ein sentral del av argumentasjonen har vore at seglforeininga heller burde vera lokalisert nettopp på Eldøyane.
Høgre står sjølvsagt fritt til å fortsetja engasjementet sitt for å stilla seglforeinga og avtalen med kommunen i dårlegast mogleg lys. Det vil i så fall vera klokt å overlata hovudansvaret for dette til nokon andre enn Bjelland.