Foto: Kari Mendelejev von Svanberg.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Musikaren frå Stord oppmodar den som har teke den om å levere den tilbake, så gløymer han saka.

Tysdag morgon oppdaga Olsen at den kjære gitaren hans var blitt fjerna frå eit lagerrom på Stord vidaregåande skule.

– Det er ein stakkars sjel som har stelt gitaren. Den har stått på eit rom, som i utgangspunktet er låst, men som har stått ope i perioder.

Han fortel at det er eit par dagar sidan sist han såg gitaren.

Sjølv om gitaren ikkje er er verdt så mykje i kroner og øre, betyr den svært mykje for den aktive musikaren.

– Viss du har høyrt meg spele gitar, så  er det den eg alltid speler på. Den er kompis med fingrane mine på ein heilt annan måte. Det er signatur og identitet.

- Annonse -

– Det er ikkje berre for meg å kjøpe ein ny gitar, for den er ikkje meg før eg har brukt den på alskens oppdrag. Den blir meir og meir verdt for meg, men mindre verdt på marknadne.

Olsen håper inderleg at det er nokon som går rundt med dårleg samvet som bestem seg for å levere tilbake gitaren.

– Berre lever den ein eller annan plass. Om det er på Osvald eller Kulturhuset, så er det samme for meg. For min del vil saka då vere gløymt.

Denne gitaren forsvann frå Stord VGS i løpet av dei førre dagane, inni ein svart gitarbag. Den er verdt enormt mykje for…

Geplaatst door Endre Olsen op Dinsdag 1 oktober 2019

- Annonse -