Geir Angeltvei. Foto: Hordaland fylkeskommune
- Annonse -

DEBATT: Det er svært problematisk at ein gong på gong må nær revidera heile dei økonomiske føresetnadane for å få realisert ny ungdomsskule. Eg er bekymra for stadig fleire utsetjingar.

Av: Geir Angeltveit

Elevane ved Nysæter har rett på lik kvalitet i skulen som elevar i Nordbygdo og på Vikahaugane. Dei tilsette og ungdomen har rett på ein arbeidsplass uten dagar med dårleg inneklima med muggsopp eller innslag av nedbør gjennom tak og lampar. Trivsel i skulekvardagen er ein føresetnad for læring og undervising.

Ein slik kvardag hadde vore nær absurd ved andre arbeidsplassar, men elevane er pliktig til å vere der. Det er også «venta» at lærarane står i det, noko dei seier klårt frå om at dei ikkje tolererar lenger. Med rette.

No ser me atter eingong at skulen står framfor nok ei utsetjing. Prisen aukar frå 200 til 300 millionar, trass i at skulen vert dimensjonert ned.

Skulebygg er noko av det viktigaste bygg me har, her har borna rett og plikt til å vere, her møtar dei lærarar og vener og det er ein hjørnestein i oppveksten og oppkomsten av den dei skal bli. Det er vårt ansvar å prioritera best mogeleg vekstforhold for born og unge i kommunen vår. Det er mange prosjekt som melder seg, Venstre har vore tydelege på at me må prioritera Nysæter Ungdomsskule i vårt alternative budsjettsframlegg.

- Annonse -

Det er svært problematisk at ein gong på gong må nær revidera heile dei økonomiske føresetnadane for å få realisert ny ungdomsskule. Eg er bekymra for stadig fleire utsetjingar, som gir uvisse om når ein ny skule er på plass, og kva denne skal innehalda.

Me kan ikkje ha stadig fleire utydelege politiske vedtak som kan tolkast og mistolkast i alle mogeleg retningar. Det er på tide at ein skjærer gjennom politisk, prioriterar skulebygget og får dette på plass til elevane og dei tilsette, og fleirbrukshallen for heile bydelen. Så får me ta grundig, skikkeleg og etappevis det som kan takast i etterkant. For å på sikt skapa det prosjektet me heile vegen har ønska.

Og på den måten både ivareta skulekvardag for elevar og tilsette, og gode avgjersler på by- og bygdeutviklinga.

- Annonse -