Ordførar Gaute Epland. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Gaute Epland (Ap) og ordførarkandidat Øyvind Kyvik (H) er glade for at biogassanlegget kjem til Stord.

– Eg har vore spent på dette, og er glad SNG til slutt bestemte seg for å legge anlegget til Stord og Eldøyane, seier Ordførar Gaute Epland (Ap).

Seinast for nokre dagar sidan var Epland og rådmannen i møte saman med styret i SNG for å avklare dei siste detaljane før avgjersla skulle takast.

At dei no landar på Eldøyane set Epland stor pris på.

–  Kommunen har hatt dette i planane sidan 2008, og no vert dette realisert. Det betyr fleire arbeidsplassar og at me tek eit viktig steg som kommune i retning lågutsleppsamfunnet.

– Gledeleg nyheit

Ordførarkandidat for Stord Høgre, Øyvind Kyvik, er også glad for dagens nyheit.

- Annonse -
- Annonse -

– Det er ein gledeleg nyheit at SNG ønskjer å etablere nye grønne arbeidsplassar på Stord. Eldøyane er regulert for dette formålet og eg ser det på som ein veldig naturleg plassering, seier Kyvik.

– Stord skal være næringslivslokomotiv i regionen og me skal byggje videre på den kulturen og DNAet som ligger i oss. Det er å skape verdi og nye arbeidsplassar for generasjonar.

- Annonse -
Anne-Grete Sandtorv i Stord Næringsråd. Foto: Magne Langåker

– Eg er kjempehappy

Anne-Grete Sandtorv i Stord næringsråd er også blant dei som smiler nøgd i dag.

– No har eg vore nede med blomar til dei og fått kake. Eg er kjempehappy. Dette er utruleg viktig for Stord, og heile regionen, seier Sandtorv.

Ho er spesielt glad for at det i denne satsinga er snakk om lokale gründarar.

– Det er viktig for arbeidsplassutvikling, viktig for framtidige næringar, og som me har sagt før, så er det viktig med lokale gründarar og lokal kapital som satsar. Dette er utruleg positivt.

Ho meiner Stord kommune bør vere ekstra glade for at etableringa landa på Eldøyane, etter at det såg mørkt ut for at anlegget kunne realiserast på Stord for kort tid sidan.

– Me er veldig glad for at Eldøyane er valt, og det er viktig for Stord for kommune. Så me er veldig nøgd med dette.

- Annonse -