Stordpakken ville mellom anna ha finansiert ny sykkelveg mellom Heiane og Vabakken bli. Skisse: Statens Vegvesen
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Etter at departementet viste tommelen ned for å la Stord inngå i eit prøveprosjekt for vegprising, vil politikarane no røyste over bompengeringen på nytt.

Før sommaren røysta eit større fleirtak i kommunestyret mot bompengeringen Stordpakken, som var meint å finansiere ei rekkje større veg- og sykkelvegprosjekt på lokalvegnettet.

I vedtaket vart det peika på å sjå på vegprising som ei mogleg finansieringsløysing, ved å søkje Samferdselsdepartementet om å delta i eit pilotprosjekt. Men tidlegare samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) melde tilbake at dette var uaktuelt.

Sigbjørn Framnes i Frp, foto: Jonas Sætre/Stord24

– Blir liggande og vente

Dermed heng Stordpakken i lause lufta. Noko som var bakgrunnen for at Sigbjørn Framnes (Frp) la fram forslag om ei ny avrøysting av Stordpakken på dagens kommunestyremøte.

– Me må få ei endeleg avklaring rundt Stordpakken. Det som er utfordringa no er at Stordpakken berre blir liggande og vente på handsaming av ein pakke som kanske aldri vil bli realisert. Då vil korkje Vegvesenet eller fylkeskommunen setje i gang med prosjekt fordi dei ventar på ein pakke. Det vil seie at Litlabøvegen vil bli ofra, seier Framnes.

Framnes viser til at den denne veka vart løyva fem millionar kroner i sykkelvegtiltak på Rommetveit, der det allereie er fortau, medan ingenting vert løyvt til den trafikkfarlege Litlabøvegen.

- Annonse -
- Annonse -

– Litlabø var ikkje oppe i diskusjonane ein gong. men hadde ikkje Litlabøvegen vore inne i Stordpakken ville den blitt spelt inn. Me får ingen framdrift når Stordpakken ikkje blir avslutta og lagt bort, eller røysta for.

– Er det realistisk med utbetring av Litlabøvegen utan bompenger?

– Eg meiner me skal klare å få tak i midlar til Litlabøvegen. Fylket har milliardsummar som dei pøsar ut i samferdsle. Det er mange midlar det går an å søkje på.

Fekk støtte av Bjelland

Framnes fekk støtte av varaordførar Jakob Bjelland (Sp), som også argumenterte for ei ny røysting av Stordpakken.

– Me må få ei endeleg avklaring rundt Stordpakken. Om ikkje vil alle vegprosjekta vere knytt opp til ein bompengepakke som ikkje lar seg realisere. Så kan det hende at ein bør prioritere nokre enkeltprosjekt dersom Stordpakken blir røysta ned, seier Bjelland.

Bjelland er sjølv motstandar av Stordpakken, men han vil ikkje spekulere i kva koalisjonspartnar Ap kjem til å lande på i denne runden.

- Annonse -

– Eg har ikkje lyst å spekulere i kva Ap landar på. Me har ikkje diskutert dette i koalisjonen. Det må dei svare på sjølv.

Fekk kritikk frå Stord Ap-leiaren

Like etter kommunestyremøtet retta leiaren i Stord Ap, Katrin Ankervold, kraftig skyts mot Framnes i Frp i eit innlegg på Facebook. I innlegget, som no er sletta, skulda Ankervold Sigbjørn Framnes for å vere positiv til bompengeinnkrevjing i Stordpakken.

Framnes svarar slik på skuldingane frå Ankervold:

– For å seie det sånn, entan trur ho at alle andre er så dumme at dei meiner det, eller har ho ikkje forstått kva det går i. Det går ikkje an å påstå noko sånt utifrå det eg sa på talarstolen. Dette er eit håplaust utspel av Ankervold.

– Lurer innbyggjarane

Frp-politikaren meiner den eigentlege grunnen til Ap sitt vedtak før sommaren, der ein ville vente på vegprising, er eit ønskje om å trenere saka til etter valet.

– Dei røysta taktisk for å utsetje saka til etter valet. Det er å lure innbyggjarane. Å vente på vegprising var eit håplaust vedtak. Dei må jo ta skikkeleg stilling til saka. Eg fryktar jo at dei kjem til å røyste ja når me no får saka tilbake.

Ordførar Gaute Epland og leiar i Stord Ap, Katrin Innvær Ankervold. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Ap vil ikkje svare

Katrin Innvær Ankerfold (Ap) vil ikkje svare direkte på Stord24 sitt spørsmål om korleis partiet kjem til å røyste når saka kjem tilbake til handsaming.

– Me har sagt at me vil ha vegprising, og inntil me har røysta for noko anna står det ved lag. Når dette kjem tilbake til kommunestyret er det sånn at me håper at Sigbjørn Framnes har ei klar finansiering av denne pakken, og at han har kontaktar inn mot regjeringa og fylket dersom han seier at me ikkje skal gå for bompenger, seier Ankervold.

– Betyr det at de kjem til å gå for vedtaket om å vente på vegprising, sjølv med departementet sitt negative svar?

– Akkurat no har me ikkje teke stilling til at me skal gjere nokre endringar. Det må jo vere dersom det kjem nye moment inn i saka som gjer at me vurderer ting annleis.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -