Mange stadar langs Litlabø-vegen er det svært uoversikteleg. Foto: Google
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Stord kommune ønskjer å bygge gang- og sykkelveg i samband med at dei skal legge ny vassleiing på strekninga mellom Vassenden og Stuva.

Vegansvarleg Harald Oddvar Sæbø har på vegner av kommunen sendt søknad til Hordaland fylkeskommune om delfinansiering av prosjektet.

Vegarbeidet knytt til vatn og avlaup allereie er i gang, og Sæbø argumenterer med at ein no får ein gylden moglegheit til å bygge gang- og sykkelveg på ein del av den trafikkfarlege Litlabøvegen.

Arbeidet kan starte allereie i år.

– Dette prosjektet skal gjennomførast innan utgangen av 2019, og samarbeidet mellom
Stord kommune og Statens vegvesen vil redusera fylket sine kostnadar med utbetringa
betydeleg, skriv Sæbø.

Sæbø seier til Stord24 at ein no har ein veldig god moglegheit til endeleg å gjere deler av Litlabøvegen trafikksikker.

- Annonse -
- Annonse -

– Dette er ein fantastisk moglegheit. Difor prøvar me å vere på hogget.

Han seier at det er utgiftene til Statens Vegvesen som Stord kommune søkjer om.

- Annonse -

– Det er jo litt spesielt dette, i og med at kommunane kan søkje om midlar på tiltak på fylkesvegar. Vanlegvis søkjer ein jo om tiltak på kommuale vegar. Men dette er noko me gjer for å sikre at Vegvesenet får den finansieringa dei treng.

Han opplyser at Statens Vegvesen også kjem til å sjå på alternative måtar å skaffe pengane på, slik at ein har ein klar forventning om at prosjektet vil bli realisert.

– Vassleiinga skal jo fram uansett, seier Sæbø.

Strekket der kommunen planlegg fortau er mellom Vassenden og Stuva, i området der det er ein del tettare busetnad. Mellom anna vil tiltaket omfatte den berykta 90 gradars svingen, som er svært uoversikteleg for mjuke trafikantar.

Kommunen har søkt om seks millionar kroner med midlar frå Hordaland fylkeskommune til realiseringa av prosjektet.

Den blå linja markerer området der Stord kommune skal legge ny vassleiing. Kart: Stord kommune
- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -