Frå Turnhallen til Møllebrua skal det byggast betre gang- og sykkelveg. Foto: Google
- Annonse -

– Ein har starta arbeidet med prosjektering av fase to. Denne fasen er frå krysset ved Turnhallen og vidare fram til Møllebrua, skriv kommunen.

Arbeidet med utbetringa av Skrivarvegen er no ferdig, etter at bilistane i mange månadar måtte forhalde seg til lysregulering og til dels lange køar i sentrum.

No melder Stord kommune at ein no kan vente liknande tilhøve lenger nord i vegen, der Skrivarvegen går over i Borggata.

– Ein har starta arbeidet med prosjektering av fase to. Denne fasen er frå krysset ved Turnhallen og vidare fram til Møllebrua, melder Stord kommunalteknikk i ei melding.

Skal gjere grunnundersøkingar

I denne omgang skal dei i gang med grunnundersøkingar i vegen i Borggata og ned til
Nesjaberget, noko som altså vil bremse trafikkflyten kraftig.

– Grunnundersøking av grunnen kan for nokre dagar i dei to komande vekene føre til stenging av ein av køyrebane.

- Annonse -
- Annonse -

Undersøkinga vil bli gjennomført ved å nytte ein bårerigg. Denne båreriggen vil bli plassert i den eine køyrebanen under arbeidet.

- Annonse -

Det vil bli lysregulering og/eller manuell dirigering etter behov.

– Me ber om at alle viser aktsemd og køyrer med varsemd, skriv kommunen.

Vegarbeidet startar neste år

Sjølve vegarbeidet i gata skal starte opp i 2019. Midlane til vegarbeidet kjem frå Sykkelbyen Stord.

– Langs heile fylkesveg 61, frå Leirvik sentrum til Høgskulen, vil me gjera tilhøva betre for mjuke trafikantar. I 2019 vil prosjektet fortsette bort til Frugardsbrua, med utbetring av fortau og rekkverk. Også dette er finansiert med sykkelbymidlar, skriv Sykkelbyen Stord på nettsidene sine.

- Annonse -