Foto: Thomas A. Hjelmen
- Annonse -

Frå slutten av april vert det ein ekstra rotasjon på på søndager på ruta mellom Stord og Oslo.

Det vil bety at det no vert to rotasjonar på fredager og to på søndager. Grunnen til frekvensauken er stor etterspurnad etter weekendturar til Oslo, skriv Stord lufthamn i ei presemelding.

Dei nye helgerutene vil bli slik:

Fredag går det fly frå Stord kl. 14.00 og kl. 17.15. Frå Oslo går det fly kl. 15.30 og kl. 18.45.

Søndag går det fly frå Stord kl. 13.30 og kl. 16.30. Frå Oslo går det fly kl. 15.00 og kl. 18.00.

- Annonse -

Dei nye rutene vil ha effekt frå og med 21. april.

- Annonse -
- Annonse -

Flyplassjef Jan Morten Myklebust har tidlegare sagt at frekvensen ved Oslo-ruta har vore for låg for å få stor nok trafikkauke, og at ein setje krav om 15 rotasjonar i veka dersom kommunen skulle starte med å kjøpe flytenester.

– Det er klart at dersom det nesten aldri går fly her, vil ein bruka andre flyplassar. Fleire rotasjonar vil og gje auka inntekter til lufthamnselskapet, noko som sikrar drifta på flyplassen, sa Myklebust til Sunnhordland.

- Annonse -