Ferjesambandet mellom Stord og Kvinnherad. Her frå Skjersholmane. Foto: Hordaland fylkeskommune
- Annonse -

Debatt: Flytter ein ferja til Sunde, vil «kjerrevegen» over Halsnøy få atskilleg mindre trafikk, noko som vil minska faren for trafikkuhell.

Av: Kjell Larsen

Med bakgrunn i at Staten no går inn og sletter den eksisterande gjelda for tunnelen over til Sunde, må ein no kunna sjå til å få ferja tilbake til Sunde, slik da var før i tida.

Totalt 426 bilar passerer Skjersholmane – Ranavik/ Ranavik – Skjersholmane i døgeret, rundt 9 biler for kvart anløp,  og sidan 79 % av bilistane køyrer gjennom tunellen for å koma over til Sundesida, vil det vera naturleg å legga ferja til Sunde.

Fjord 1, som frå 1 januar 2020 overtar konsesjonen for dette sambandet, er blitt pålagd av staten til å gå med batteridrivne ferjer. Dette vil medføra at dei vil trenga ladestasjonar ved ferjekaiane, noko som Ranavik ferjekai ikkje har plass eller mogelegheiter til, utan at dei får ladestrøm  frå fastlandet, dvs. Sunde.

- Annonse -

Det neste er «kjerrevegen» frå  Ranavik, til og gjennom Sæbøvik,  utan gang/sykkelveg for dei som treng dette, noko som openbart er ein prøvelse for folk flest som ferdast der, enten du er gåande/syklane  eller bilist. Flytter ein no ferja til Sunde, vil denne «kjerrevegen» fram til Sæbøvik få atskilleg mindre trafikk, noko som vil minska faren for trafikkuhell.

- Annonse -
- Annonse -

Men det er openbart at Statens Vegvesen må få inn i sin organisasjon, ei ny haldning ovafor den vanlige mann og kvinne, når folket fremjar innspel til vegvesenet, då opptrer vegvesenet sine folk som om dei er høge på seg sjølv, noko som sjølvsagt er ein uting i dagens samfunn.

Om vegvesenet skal bygga eit nytt ferjeleie på Stord-sida, så kan det være ein ide og få det inn på «Vikjo», der det var før. Om ein utvider kaien litt, vil det være god plass der, slik at ferdafolket kjem seg direkte til sentrum der hurtigbåtar og bussar står. Med det vil me få mykje betre kontinuitet i trafikken i heile området.

- Annonse -