Foto: Handballfestivalen
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Med 360 påmelde lag tre vekers før påmeldingsfristen har gått ut, har Handballfestivalen for første gong i historien vore nødd å seie stopp til lag som vil melde seg på.

– Me såg tidlig at me fekk stor påmelding og i føre veke passerte med 360 lag påmeld, noko me er svært nøgd med. I toppåret 2015 hadde me ca 420 lag med, men då fekk me nytta gamle Stord ungdomskule – og det var masse folk overalt. Difor har me i valgt å leggja oss på dette antallet slik at me kan laga ei fin turnering for alle deltakarane, opplyser festivalleiar Kjartan Grov.

Han opplyser at nesten alle grunnskulane i Stord vil bli nytta som innkvartering under festivalen, samt den vidaregåande skulen. Nytt i år er at nokre av kampane vil bli avvikla på Prestegardsskogen idrettspark. Dette gjer ein for å spare på kampaktiviteten på grasbanen på Vikahaugane.

– Me skal likevel laga ei fin rame for arrangementet i Nordbygdo. I hovudsak prøver me at spelarane speler to kampar i Nordbygdo over eit relativt kort tidrom, så vil me ha dei tilbake på Vikahaugane som tross alt er hovudarenaen vår.

Kjartan Grov trur at den store pågangen i år skuldast det gode ryktet festivalen har opparbeida seg over fleire år. Det synast att i måten enkelte klubbar stiller med svært mange lag. Hundvåg i Stavanger toppar lista, med heile 30 påmelde lag, og Askøy stiller med 27.

- Annonse -