Håkon Frode Særsten var mottaksleiar nedlagte Litlabø Mottak. No er han nestleiar ved Stord mottakssenter på Heiane., og skal busetje nye flyktningar på Litlabø. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

UDI skal plassere rundt 30 kvoteflyktningar i bygningsmassen til det nedlagte asylmottaket på Litlabø.

I sommar vart mottaket brukt til å huse flyktningar frå Tyrkia i ein kort periode. Men UDI sa opp avtala etter kort tid.

No er det igjen klart for ankomst av nye flyktningar på Litlabø. Dei første kjem allereie førstkomande måndag.

– Det vil kome mellom 300 og 350 kvoteflyktningar til Norge i løpet av den næraste framtida. Då vil det sannsynlegvis kome rundt 30 til Stord. Då blir det igjen aktuelt å bruke mottaket på Litlabø, fortel nestleiar i Stord mottakssenter på Heiane, Håkon Frode Særsten.

Skal busetjast i kommunar

Flyktningane har bakgrunn frå forskjellige land, og det er i hovudsak snakk om mindre familiar.

Særsten fortel at desse flyktningane allereie har fått tildelt kommunar for busetnad, så dei vi vere på Litlabø i ein kortare periode.

- Annonse -

– Dei vil bli her i ein venteperiode fram til dei skal til kommunane. Det er vanskeleg å seie kor lenge kvar enkelt blir.

Behov i fleire år

Den tidlegare mottaksleiaren på Litlabø mottak trur likevel det no vil vere flyktningar på Litlabø i lengre tid.

– Regjeringa har beslutta å auke talet på kvoteflyktningar i 2019. Det betyr jo at det vil vere behov for desse opsjonsplassane i fleire år.

– Korleis vil dette ha innverknad på planane om å bygge folkehøgskule på eigedomen?

– Eg tvilar på at me kjem til å stå i vegen for folkehøgskulen. Det finst nok andre alternativ for mottaksplassar og bustadmasse for kvoteflyktningane. Skulle det kome ei problemstilling om dette så tek me det då.

- Annonse -