Illustrasjonsfoto; DANIEL DENIAZI
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Innbyggjarar i Stord kommune kan no velga å søka økonomisk sosialhjelp digitalt i staden for på papirskjema. 

Pressemelding frå NAV Stord

NAV har digitalisert fleire tenester, og fra no av er det og mogleg å søke om sosialhjelp digitalt på nav.no for innbyggjarane i dei kommunane som har teke i bruk den nye løysinga.

Den nye løysinga gjer at innbyggjarane kan søka heimefrå heile døgnet via PC, nettbrett og mobil.

– Det ligg ei forventning frå innbyggjarane at og sosialtenesta er tilgjengeleg i digitale kanalar, i tråd med digitaliseringa i NAV, Stord kommune og i samfunnet generelt, seier leiar ved NAV Stord, Rune K. Pedersen.

For å søke økonomisk sosialhjelp digitalt må ein logge seg inn på «Ditt NAV» med BankID eller andre løysingar med tilsvarande tryggleiksnivå.

- Annonse -

– Dersom det er behov for hjelp til å fylle ut søknaden, er det mogleg å få rettleiing over telefon frå NAV Kontaktsenter. Det er og mogleg å få hjelp på NAV-kontoret i opningstida. Søkjarar som av ulike årsaker ikke kan eller ikkje vil nytte seg av den digitale kanalen, kan framleis møte opp på NAV-kontoret eller nytte papirsøknad, seier Pedersen.

Erfaringar frå dei kommunane som har teke løysinga i bruk er gode og mange brukerar vel å nytte digital søknad. Andel digitale søknader i disse kommunene varierer mellom 30 og 50 prosent av dei innkomne søknadane.

- Annonse -