- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Stian Tønder AKA «Lille Fer-G» har teke suksess-rapen om Toghatten Nord til eit nytt nivå.

Mange har fått seg ein god latter av ferge-rappen til Stian Tønder frå årets Sommarrevy på Stord.

Rappen har seinare blitt svært populært, og fått tusenvis av avspelingar på Spotify. No har Tønder fått laga ein musikkvideo.

Trass i at Torghatten Nord ikkje akkurat framstår i det beste lyset i musikkvideoen, har dei vore sporty nok til å la Tønder få spele han inn om bord på ferja.

– Takk til Torghatten Nord for at dei var så kule at dei let oss filme på ferga mellom Halhjem og Sandvikvåg, skriv Tønder.

Musikkvideoen er produsert av Petter Misje. Margrete Lund Skorpen speler rolla som «bitch» og Åge Stokken er «Fergemannen».

- Annonse -

Sjå musikkvideoen øvst i saka.

- Annonse -