Illustrasjonsfoto: NRK Super
- Annonse -

Hå kommune på Jæren har tatt igjen Stord for første gong.

Stord har lenge vore kommunen med flest nynorskelevar i Noreg. Men for første gong i historia er no Hå kommune på Jæren den største nynorskkommunen i Norge med 2512 nynorskelevar.

Det er fem fleire enn Stord, som dermed må nøye seg med ein andreplass, skriv Framtida.no.

– Det er veldig kjekt å høyra. Nynorsk er jo ein del av identitet vår, seier Jonas Skrettingland (KrF), ordførar i Hå kommune til nettavisa.

Det høge folkeveksten i Os kommune gjer at også dei kjem til å gå forbi Stord når det gjeld talet på nynorskelevar.

Framtida skriv at det er truleg blir fleire nye, store kommunar etter at kommunereformen er gjennomført som vil nå til topps i kåringa etter 2020.

- Annonse -

Sjølv om Hå kommune har flest nynorskelevar, er folketalet på Stord ørlite gran større.

- Annonse -