Foto: Jarle Vines/Wikipedia (CC-lisens)
- Annonse -

Prislappen for oppgraderinga av Bømlafjordstunnelen nærmar seg no 200 millionar kroner. Vegarbeidet vil tidlegast vere ferdig neste vår. 

Den undersjøiske tunnelen som knyt Føyno saman med fastlandet har hatt to turbulente år.

Grunna svært mykje vegarbeid og vedlikehaldsarbeid har tunnelen hatt redusert framkomst i til saman meir enn 100 dagar dagar sidan august 2015. Dette har i hovudsak skjedd på nattetid, då det har vore kolonnekøyring under vegarbeidet.

Det omfattande arbeidet med å oppgradere tunnelen til dagens standard skulle opphavleg bli ferdig våren 2017, men no er sluttdatoen utsett til tidlegast mars 2018.

Ferdig våren 2018

– Sånn som situasjonen er no så blir me ferdig våren 2018. Men så er det ein oppfølging som går på testing av alle systema, og det krevjar nok ein del tid framover mot sommaren. Det er veldig vanskeleg å seie kor lang tid det vil ta, men dette går uavhengig av trafikken, fortel Rune Sandven i Statens Vegvesen.

- Annonse -

Noko av det mest omfattande arbeidet som er gjort i tunnelen er sprenging av såkalla nisjer på tvers av hovudretningane. Det vil seie små tunnelarmar på om lag 25 meter, der det er blitt installert tekniske bygg.

Og prislappen?

– Eg har ikkje nøyaktige tal framføre meg, men det er iallfall over 100 millionar kroner så langt for denne jobben. Berre det å sprenge nisjar kosta 40 millionar. Det kjem nok opp mot 200 millionar når ein skal ta omsyn til moms, byggherre og liknande.

– Det har til saman vore over 100 dagar med delvis framkomst på to år. Blir folk leie av all denne kolonnekøyringa?

– I starten hadde me kolonnekøyring frå klokka 20 om kvelden. Det viste seg å vere lite smart. Det blei ufatteleg lange kolonnar. Men i denne perioden har me sagt kolonnekøyring mellom kl. 22 og 06, og det har gått betydeleg betre.

Ugreie hendingar

– Men det er klart at det oppstår nokre hendingar som me ikkje ønskjer. Folk som køyrer forbi trafikkvaktene og ut av kolonanne, og oppfører seg på sin slik måte som lagar problem for kolonnen og ikkje minst dei som jobbar i tunnelen. Men me har lite sinte kommentarar. Det har roa seg etter kvart.

Førre veke var det eit alvorleg uhell i Bømlafjordtunnelen, då 300 meter med kablar og lysarmatur fall ned i vegen. Sandven veit førebels ikkje kva det var som gjekk gale.

– Me hadde eit møte i dag, og me har framleis ikkje fått svar på kva som forårsaka det, om det har vore eit form for slitasjebrot eller om det har vore grunna eit køyrety. Me hadde jo veldig flaks i at det datt ned akkurat i sperrefeltet nedst i tunnelen. Det kunne jo like gjerne skjedd ein annan plass, og då kunne det jo gått skikkeleg gale.

Mykje bilberging

Grunna denne hendinga var det kolonnekøyring i tunnelen i seks timar. Og det er langt i frå einaste gongen at tunnelen har vore stengt eller delvis stengt grunna ulukker i tunnelen.

Tunnelen har vore heilt stengt ved 25 høve dei siste åra, i til saman 25,4 timar. Vegveseneet opplyser at desse episodane stort sett uføresette ting som skjer i tunnelen, som trafikkuhell og bilberging.

– Havari med køyrety er ikkje så godt å verne seg mot. Men det som skjer no i tunnelen er at me har fått forsterke lyset, slik at det blir betydeleg betre lys i tunnelen. No blir alt utstyr nytt i høve til å 20 år gammalt. Me skal også inn med kamera og får betre verkty til å oppdage hendingar. Totalt sett bør det jo absolutt bli betre med tanke på ulukker.

Livets rett?

Men trass i den store jobben med oppgraderinga så er det framleis uklart om Bømlafjordstunnelen vil ha livets rett når ny E39 skal byggjast. Statens Vegvesenet vil i september sende kommunedelplanen for strekninga frå Heiane til Bokn ut på høyring.

Signe Eikenes i Statens Vegvesen. Foto: Andris Hamre/Midtsiden

– Me utreiar eit par alternativ, og spørsmålet er jo om noko av Bømlafjordstunnelen kan gjenbrukast. Men det er klart at Bømlafjordstunnelen ikkje vil støtte dagens krav til stigning, seier Signe Eikenes i vegvesenet, som er leiar for planarbeidet med ny E39.

– Kva går desse alternativa ut på?

– Eg vil gjerne vente med å seie noko om dette, for no ligg planprogrammet i departementet til gjennomlesing. Alternativet er jo om me skal byggje ein heilt ny tunnel eller om me kan bruke deler av tunnel- og brusystemet.

Ingen andre alternativ

Men det å bruke nær 200 millionar kroner på oppgradering av ei tunnel som kanskje ikkje har livets rett om nokre år, er ikkje noko Rune Sandven synest er å sløsing med midlane.

– Dette argumentet har jo dukka opp mange stadar på Vestlandet, spesielt når det gjeld tunnelarbeid langs E16 mot Voss. No vil det jo gå ein del år før E39 er på plass, og det å vente 10-15 år hadde vore så dårleg og medført kraftig auka vedlikehald at me kunne neppe latt det gå vidare på den måten. Me hadde ikkje anna alternativ enn å gjere denne oppgraderinga, seier Sandven.

- Annonse -