Fleire ønskjer å handle i Leirvik sentrum. i følgje ferske tal frå varehandelsrapporten til SR Bank.
- Annonse -

SR-Bank har publisert årets varehandelsrapport for Sunnhordland. Det er lystig lesing for næringsdrivande i sentrum.

I 2017 gjekk varehandelen på Heiane ned med -2,2 prosent i høve til året før.

Men i Leirvik sentrum var det derimot vekst, med ei auke i omsetnaden på 2,4 prosent. Dette kjem fram i SR Bank sin årlege varehandelsrapport for Sunnhordland.

Arnhild Myklebust i Brilleriet er godt nøgd med tala. Foto: privat

Arnhild Myklebust er dagleg leiar i Brilleriet i Leirvik sentrum og styremedlem i Leirvik sentrumsforening. Som næringsdrivande kjenner ho seg att i tala frå rapporten.

– Veldig gledelege tal

– Dette er jo veldig gledelege tal. Denne rapporten stadfester det me kjenner på sjølv her i sentrum, at trenden er begynt å snudd litt. Folk er litt meir oppteken av dei nære ting, og det er opna ein god del nisjebutikkar som kanskje no begynner å gå bra og som har begynt å satt seg.

Myklebust sitt inntrykk vert stadfesta av varehandelrapporten. For Sunnhordland samla har næringsdrivande i kategorien «spesialbutikkar» hatt ein stor vekst i 2017 på heile 4,7 prosent. Samtidig har det vore ein nedgang i handelen i ei rekkje andre meir tradisjonelle handelskategoriar, som «hus og heim», «klede, sko og vesker», og «sport, leker og bøker».

- Annonse -

Tradisjonell handel truga av netthandel

Myklebust utviklinga speiler ei utvikling der fleire handlar på nett når det gjeld tradisjonelle varer, men handlar lokalt på spesialbutikkar der det gjerne er fokus på god service.

– Eg trur det er nettopp det at dei store kjedebutikkane som ein typisk finn på sentera er så ekstremt like og tilgjengelege både på nettet og alle stadar. Leirvik sentrum treff kanskje litt meir det som er in i tida og det litt meir spesielle. Så trur eg også folk set pris på litt meir service no enn før.

Slik er utviklinga dei siste ti åra for dei fire handelssentra i Sunnhordland: Husnes, Leirvik, Heiane og Bremnes.

Ho fortel om at det for tida er optimisme blant næringdrivande i sentrum, spesielt med tanke på ta det i løpet av det neste året kjem til å flytte mange nye folk til bykjerna.

– Eg føler jo det har vore optimisme her no dei siste par åra. Med tanke på at det har vore dårlege tider for dei store bedriftene er jo dette ekstra positivt. Eg trur absolutt at den gode utviklinga vil halde fram. Me vil jo vere veldig tilgjengeleg for dei som vil bu i sentrum, så det vil nok vere positivt for butikkane.

Heiane klart størst

Heiane er framleis det største handelssenteret i Sunnhordland med 840 millionar kroner i omsetnad i 2017, mot 680 millionar kroner på Leirvik.

Ser me på trenden dei siste ti åra skal det framleis noko til før Leirvik får dei same marknadsandelane som før. Leirvik står no for 16,9 prosent av all handelen i heile Sunnhordland, mot 19,4 prosent i 2008. På Heiane har det i same periode vore ei auke frå 17 til 20,9 prosent.