Jan Arild Nesse. Foto: Sparebanken Vest
- Annonse -

Jan Arild Nesse har hatt sin siste arbeidsdag som regionbanksjef i Sparebanken Vest på Stord, og overlet roret til Simen Løland Aarskog.

– Det er jo litt rart å ikkje gå på jobb, men no er eg jo 66 år, så då blir det deilig å sleppe mange lange møter og reising til Bergen. Så no kjenner eg at tida er komen for å sleppe yngre krefter til.

Måndag hadde Jan Arild Nesse sin aller siste dag som regiondirektør i Sparebanken Vest på Stord. Det er Simen Løland Aarskog som vert etterfølgjaren hans.

Nesse har heilt sidan 1997 vore direktør for bedriftsmarknaden til Sparebanken Vest sør for Bergen og til og med Haugesund. Før dette var han banksjef i Åsane, Skånevik og banksjef for heile bedriftsmarknaden til Sparebanken Vest i Bergen.

Samfunnsbyggjar

Nesse er ikkje i tvil om kva som har vore mest interessant med jobben som banksjef.

– Det som har vore kjekkast er definitivt å vere med å bygge samfunnet gjennom å låne pengar til bedrifter og slik vere med å utvikle bedriftene. Å finansiere gode prosjekt. Eg vil jo seie at ser på meg sjølv som ein samfunnsbyggjar.

- Annonse -

– Kva er dei største endringane i bransjen sidan du starta?

– Det er jo heilt klart dataalderen som er det store. Då eg begynte var akkurat lønskontoen gått over til å vere på data. Lånedokumenta var framleis manuelt ført. Ein av mine første jobbar var faktisk å legge låna over til EDB, som det heitte den gongen.

– Ein annan stor endring er at det knapt er folk i banken lenger. Før sto folk i lang kø for å få hjelp og no er det knapt folk innom banken.

Gis seg på topp

No står Sparebanken Vest overfor store endringar, både sentralt og lokalt på Stord. Banken er i ferd med å redusere store deler av arealet sitt i bankbygget i Leirvik sentrum. Samtidig tener banken for tida svært mykje pengar, men står samtidig overfor store digitale endringar, slik som dei fleste andre bransjar.

– I Haugalandet og Sunnhordland hadde me i 2017 det beste året vårt på bedriftsmarknaden nokon sinne. Sjølv om dette ikkje var det beste året for næringslivet, så har det gått bra likevel. Det har nok samband med at me ser at det er lite konkursar i vår region.

Nesse har tidlegare markert seg som ein stral lokalpolitikar for Stord Høgre. Sjølv med mykje meir tid til disposisjon har han ikkje tenkt seg tilbake i politikken.

– Nei, eg har ikkje tenkt å gå tilbake i politikken. Eg har vore med i to periodar og det synest eg er nok.

– Kva skal ein tidlegar travel banksjef då fylle dagane sine med?

– No går eg på kurs for å bli meklar i konfliktrådet for Sunnhordland og Haugalandet. I tillegg er eg leiar for Frimurarane i Sunnhordland, som inneber ein del administrativt arbeid. Det er ikkje snakk om så veldig mykje arbeid, men eg synest det er greit å ha noko å putle med.

– Så du kjem ikkje til å kjede deg?

– Nei, det reknar eg ikkje med. Så får me sjå om det også blir litt styreverv etter kvart. Eg har jo noko på gang som eg ikkje kan seie så mykje om enno.

- Annonse -