Denne kinomaskinen blei brukt i "Fitjartun", men har nok vist sin siste film. Foto: Kjetil Rydland
- Annonse -

Formannskapet i Fitjar skal bestemt at kommunen skal bruke nær ein halv million kroner på ein kinomaskin.

Av: Harald Johan Sandvik, Fitjarposten

Fitjar Kultur- og idrettsbygg vil ha sin eigen kino, noko dei meiner vil gi meir inntekter. Norsk Bygdekino sitt tilbod er ikkje godt nok, og gir lite inntekt, skriv Fitjarposten.

Dersom kultur- og idrettsbygget kjøper eigen kinomaskin, vil dei ha kino kvar fredag og søndag, og kunna syne fram aktuelle filmar.

Omreisande kino

Dagens tilbod med omreisande bygdekino er eit tilbod om kino på stadar som ikkje har eigen, fast kino. Bygdekinoen har eige mobilt utstyr og viser film i alle type lokaler. Dagens kinotilbod på Fitjar består i dag av to framsyningar kvar søndag.

- Annonse -
- Annonse -

Finansiering ved hjelp av kommunen vil vere mykje rimelegare enn om idrettsbygget låner sjølv. Difor ber dei kommunen om å gi eit tilskot på 450.000 kroner til ny kinomaskin.

- Annonse -

Dei skriv at kulturbygget treng meir inntekter, og meiner det difor er betre å gi tilskot her enn at kommunen eventuelt må gå inn med ordinært driftstilskot.

Finansiert med laksepengar

Tilrådinga var positiv, og tiltaka er tenkt finansiert av «laksepengar». Kommunen har nyleg fått utbetalt kr 10,7 mill., som oppgjer for ein konsesjon. Desse midlane vert sett på fond, og bruken av dei skjer etter fastsette reglar.

Politikarane støtta rådmannen si innstilling, og vedtaket var samrøystes.