- Annonse -
- Annonse -

(ANNONSØRINNHALD:) Dei som handlar på AMFI Stord sparar om lag ein halv million kroner i parkeringsbøter årleg etter at parkeringselskapet ParkLink overtok drifta av parkeringshuset.

Denne saka er ei sponsa artikkel frå ParkLink:

Kundane har no ein time gratis parkering, og frå måndag 23. september og ut året får dei også 20 prosent rabatt på parkering utover gratistimen, om dei brukar ParkLink-appen.

– Til no i 2019 har ikkje ein einaste kunde på AMFI Stord fått parkeringsbot. Kundane våre har dermed spart 500.000 kroner i året, og det er me stolte over, seier senterleiar Hans Martin Storedale Haavik på AMFI Stord.

På store handledagar kunne AMFI Stord ha kø gjennom heile p-huset og fleire hundre meter ut i vegen, grunna bommane som gjorde det tidkrevjande å køyre ut. Trafikken stoppa ofte opp.

– Å ta vekk bommane og ta i bruk ParkLink-appen var ein kjempebra ting for kundane våre. No gler eg meg til at alle kundane våre som parkerer og nyttar ParkLink appen, vil få 20 prosent rabatt heilt fram til jul. Det fortener dei, seier ein nøgd senterleiar.

- Annonse -

Ikkje alle er like vane med appar. Treng du hjelp til å lasta ned ParkLink appen, kan du berre ta kontakt med Hans Martin på senterkontoret, så vil du få hjelp til å lasta den ned. Hugs å ta med eit betalingskort. Når bankkortet er registrert i appen, blir du automatisk trekt for den tida du står parkert over ein time. Står du parkert til dømes i 75 minutt, vil du bli trekt kr 8,00 Appen vil blant anna fortelja deg kva dato og klokkeslett du har parkert og kor mykje du har betalt. ParkLink-appen kan du også til dømes bruka på Lagunen Storsenter i Bergen og AMFI Madla i Stavanger.

– Eg er stolt over kva Hans Martin og AMFI Stord har klart å få til etter at dei valde ParkLink. ParkLink blir nytta av kjøpesenter over heile landet og er ein av dei største leverandørane av parkeringsløysingar i Noreg. AMFI Stord er eit førebilete for resten av landet, seier Magnus Næsbu Fjærli i ParkLink.

Dei siste tre månadane har lengda på parkeringa i snitt vore 66 minutt og det er registrert 16.584 parkeringar. Det er ikkje uvanleg at kundane parkerer utover den gratistimen dei får. Då er det svært lettvint å betale med ParkLink appen. Det gjeld blant anna folk som skal på kino, eller i symjehallen på Stord Kulturhus, og ikkje minst kundar som handlar på AMFI Stord.