Arbeidarar samla i helikopterhangeren på toppen av Johan Sverdrup-plattforma hausten 2018. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Talet på arbeidsledige i ferbruar i år har gått ned med nær 20 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Stord er no kommunen i Sunnhordland med lågast arbeidsløyse. Berre 1,9 prosent av arbeidsstokken på Stord er no definert som arbeidsledige av NAV. Det er 41 personer færre enn på same tid i fjor.

– Tar me med personar i tiltak visar det seg at arbeidsløysa har hatt ein prosentvis nedgang på nærmare 20 prosent i forhold til i fjor på same tidspunkt. Dette er svært positive tal. Me ser ein særleg stor nedgang i arbeidsløysa blant industriarbeidarar, seier Astrid Østerlid, leiar for NAV region Sunnhordland.

Dei fleste kommunar aukar

Av kommunane i Sunnhordland er det Stord, Fitjar, Kvinnherad og Tysnes som framleis har ein grei nedgang i arbeidsløyse. Bømlo og Sveio går i motsett retning, og har auka arbeidsløysa noko samanlikna med same periode i fjor.

– Stord og Kvinnherad har stor påverknad på arbeidsløysa i Sunnhordland. I Kvinnherad ser me at produksjonsutvidinga ved Hydro Husnes gir positive ringverknadar innan fleire næringar. Det var gledeleg å sjå at også Kværner Stord skal vera med på å byggja ut landanlegget til Hydro, seier Østerlid.

Fitjar har no ei arbeidsløyse på 2,3, mot 2,6 i februar 2018.

- Annonse -

Mange ledige stillingar

- Annonse -
- Annonse -

Oversikta på NAV.no over ledige stillingar stadfestar at det no er stor jakt etter arbeidstakarar. Det er no 54 ledige stillingar på Stord.

Det er berre Bergen som har fleire ledige stillingar av kommunane i Hordaland nett no.

Fleire uføretrygda

Men baksida av medaljen er at det er stadig fleire uføretrygda. Som Stord24 skreiv nyleg, vart det ei markant auke i uføretrygda på Stord i 2018, frå 951 til 1002 personar.

Statistikken viser at Stord kommune er blant dei kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane som har størst prosentvis auke i uføretrygda.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -