Har tatt i mot sin tredje pasient med Covid-19.
Det er laurdag 3 pasientar innlagt med Covid-19-smitte i Helse Fonna, alle på Stord sjukehus.
Èin er i aldersgruppa 18-64 år, og to er over 65 år, melder Helse Fonna.
Aldri før har det vore så mange pasientar med Covid-19 på Stord sjukehus på ein gong.
– Alle tilsette på Stord sjukehus står på kvar dag for at våre pasientar skal få best mogleg pleie og behandling i ei krevjande tid med auka smittetrykk, seier klinikkdirektør Anne-Beth Njærheim.
Ho understreker at drifta ved sjukehuset går som normalt, og at dei førebels ikkje har valt å atenga sjukehuset for besøk.
– Det er førebels ikkje aktuelt å stengje sjukehuset for besøk, slik som i oktober, men ein minner om at publikum bør vurdere om besøk er nødvendig.