Det nye parkeringshuset har to plan, og innkøyring frå Nattrutekaien. Foto: privat
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ombygging av første og andre etasje i Borggata Futurum har gjort at parkeringskapasiteten i sentrum no er blitt auka med 53 parkeringsplassar.

– Me er stolte av å kunne tilby næringsdrivande og andre i Leirvik heilt nye p-plassar med svært god plassering, seier dagleg leiar i Borggata Futurum, Åsa Eldøy.

Ho opplyser at det mue parkeringshuset i dei første etasjane på det som skal bli Stord Helsepark no står ferdig. Eldøy understreker at det ikkje berre er leigetakarane i dette komplekset som kan få bruke parkeringsplassane.

– Det nye p-huset vårt er basert på månadsleige og ikkje korttidsplassar. Men me er ganske sikre på at dette nye tilbodet også vil føre til betre kapasitet på korttidsplassane i sentrum. Mange av dei som har nytta dette vil no få høve til permanent parkering kvar dag. Slik sett vert dette ein vinn-vinn situasjon for alle partar.

Foto: privat

Eldøy trur ikkje det blir noko problem å få leigd ut parkeringsplassane, og viser til at mange som driv handel i sentrum i mange år har peika på utfordringar ved parkeringstilhøva i sentrum. Allereie no er 25 av dei nye p-plassane.

– På kaiplan er det allereie fullbooka, men me har framleis 28 ledige plassar i etasjen
over, seier Eldøy.

- Annonse -

Den daglege leiaren i Stord Helsepark uttalte til Stord24 for eit par veker sidan at framdriften for den vidare utbygginga i Borggata er i rute, og at ein tek sikte på byggestart rundt årsskiftet.

Heile komplekset skal vere ferdig allereie våren 2021.

- Annonse -