Dag Sele frå Stord KrF er sentralstyremedlem i KrF og stiller seg bak retningsvalet til Knut Arild Hareide. Foto: KrF
- Annonse -

Kan få positive ringverknadar for Sunnhordland, meiner leiaren for Stord KrF.

Dette kom fram under fylkesårsmøtet på Sotra i føremiddag. Dag Sele (53) tek over som leiar for Hordaland KrF, etter seks år med leiarskap av Pål Kårbø.

Berre to stemmer skilde han frå andrekandidat Beate Husa frå Sund, ifølgje avisa Dagen.

Torbjørn Brosvik (KrF) frå Stord trur det vil vere viktig for Sunnhordland at ein stordabu no er valt som leiar for Hordaland KrF.

– Dette vil kunne vere med på å løfte regionen opp og setje meir fokus på utfordringane me har. Den nye fylkesleiaren har god forståing for kva saker som er viktige for Sunnhordland, og evnar å målbere dette på ein god måte, seier han til Stord24.

Brosvik sit i dag i fylkesstyret sitt arbeidsutval, og med Sele som leiar vil ytterlegare ein stordabu få plass i dette utvalet. Med Knut Arild Hareide frå Bømlo som partileiar, er det ikkje utenkjeleg at Sunnhordland no vil få større påverknad for partiet sin veg vidare.

- Annonse -

– Stord KrF er veldig nøgd med at Dag Sele er valt til ny leiar, seier Brosvik.

Dag Sele er tidlegare varaordførar i Bø, og jobbar i dag som lege ved Valen sjukehus.

- Annonse -