Eit stort fleirtal vedtok å utsetje Stordpakken. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Eit fleirtal i kommunestyret røysta for Arbeiderpartiet sitt framlegg om å avvente å søkje om bompengefinansiering til Stordpakken.

Forslaget om å utsetje Stordpakken blei vedteke av eit stort fleirtal av kommunestyret torsdag, i hovudsak av Ap, Høgre og Sp sine representantar.

Ti representantar røysta i for å vedta Stordpakken no, frå partia Venstre, SV, MDG og KrF.

– Me ser behova for prosjekta i Stordpakken. Men når me fekk framlegget om kostnadane om innføring og drift så må me setje foten ned. Fem millionar å setje opp ein bomstasjon, det blir for store kostnadar til at me kan godkjenne det, sa Lene Pilskog (Ap).

Ap sitt forslag er å satse på såkalla vegprising, ved hjelp av GPS-teknologi. Vegprising er for tida ikkje lovleg i Norge, men er no under utgreiing av Stortinget.

– Når me veit at det er eit breidt fleirtal på Stortinget for å utvide ein vegprisingsomodell som har potensiale til å bli ein langt billigare og meir rettferdig modell, så meiner me at me må ha is i magen. Med ein vegprisingsmodell vil me også unngå avvisingseffekten som næringslivet er uroa for, seier Pilskog, som spør retorisk:

Lene Pilskog frå Ap, Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -

– Kvifor skal me vere blant dei siste som går for ei dyr, gammaldags løysing, når me kan vere blant dei første som tek i bruk ny teknologi?

Forslaget til Ap om å vente på vegprising fekk full støtte av Høgre.

– Eg har vore med i ein del parti som har fått bompengar langt opp i strupen. Men skal ein få gjort noko, er det eit faktum at ein må delfinansiere med bompengar. Eg støttar framlegget frå Ap fullt ut. Eg har tru på at moderne teknologi kan gjere dette mykje billegare, sa Fredrik Litleskare (H).

Åtvara mot å vente

Torbjørn Brosvik (KrF) åtvara mot å vente på den nye teknologien, og meinte det vil gjere at ein ikkje får høve til å ta betalt for gjennomgangstrafikken, som er estimert til å gi inntekter på 200 millionar kroner i dagens forslag til bompengepakke.

- Annonse -

– Dersom det blir snakk om vegprising er det heilt sikkert at det ikkje kan få til betaling frå gjennomgangstrafikken dersom me ventar på vegprising. Det er 200 bortkasta millionar dersom me ikkje går for dette i dag.

– Eg skjønar ikkje kvifor driftskostnadane er eit så stort problem her på Stord, når ein aksepterer akkurat dei same kostnadane mange andre stadar i landet. Eg har store problem med å forstå kvifor ikkje dette skal vere godt nok på Stord, sa Brosvik.

– Skremselspropaganda

Linda Grundtvig, Frp, la fram forslag om å skrote heile Stordpakken, inkludert forslaget om vegprising. Ho reagerte på at Vegvesenet uttalte til Stord24 i går at Litlabøvegen ikkje vil bli utbetra på fleire tiår dersom Stordpakken ikkje blir vedteke.

– Me meiner Vegvesenet kjem med skremselspropaganda når dei seier at ingenting vil bli gjort utan Stordpakken. Me meiner det bør vere mogleg å få fylket til å finansiere denne vegen utan bompengar.

Sa nei til Trekantsambandet

Innlegget skapte sterke reaksjonar både frå KrF og Venstre, som peika på at det var heilt urealistisk at fylkeskommunen ville finansiere vegen på eiga hand, og avviste at dette var skremselspropaganda. Kjetil Eldøy, KrF, kom med ei sterk personleg oppmoding til kommunestyret om å snu.

– Eg skal innrømme noko. Eg var i mot Trekantsambandet, og for ein tosk eg var! Eg betalte dei bompengane med glede, og no er det vår tid. Seier me nei så får me ikkje Litlabøvegen, me får ikkje busstasjon, me får ikkje nytt Tveita-kryss. Det er nokre negative sider, og det kostar. Men eg ser at dette er den moglegheita me har.

– Kva kan me gi vidare til våre barn og barnebarn? Jammen meg så tenkjer eg at gode og trygge vegar er noko av det viktigaste. Så tenkt de om, sa Eldøy.

Men fleirtalet høyrte ikkje på KrF, og det blir dermed ingen Stordpakke i denne omgang.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -