Konserndirektør Ragnhild Janbu Fresvik i Sparebanken Vest legg fram positive tal. Foto: Sparebanken Vest
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Det nærmar seg historisk god sysselsetjing på Vestlandet. Det vil føre til tøffare kamp om talenta, spår Sparebanken Vest.

– Vi er no på historisk høge nivå når det gjeld forventingar om sysselsetjingsvekst, og kombinert med at ein nærmar seg full sysselsetjing på Vestlandet vil dette leia til ein tøffare kamp om talenta, som igjen vil bidra til auka lønsvekst, seier konserndirektør Ragnhild Janbu Fresvik.

I går publiserte Sparebanken Vest Vestlandsindeksen, som er ei undersøking dei gjer i samarbeid med Respons analyse blant 700 føretaksleiarar på Vestlandet.

Og årets Vestlandsindeks er svært positiv lesing. Berrre sidan fjerde kvartal i 2018 har forventninga til utviklinga i næringslivet hatt ei markant auke.

I Hordaland har forventningsindeksen auka frå 64,7 i fjerde kvartal til 68,1 i dag. Alt over 50 indikerer eit generelt positivt syn på den økonomiske utviklinga.

- Annonse -

– Alle underindeksar viser positiv utvikling, der særleg forventingar om betra lønsemd, etterspurnad og sysselsetjing bidreg til den auka optimismen, skriv banken.

- Annonse -
- Annonse -

Banken ser framleis at petroleumsindustrien er motoren til veksten og optimismen på Vestlandet i dag. Men dei også ser gryande optimisme i andre næringar.

– Sjølv om det framleis er blant føretak med tilknyting til petroleumsbransjen at investeringslysta er høgast viser Vestlandindeksen at dei no i større grad får følgja av føretak skjerma for petroleumsbransjen. Denne gryande optimismen i skjerma sektor tyder på at omstillinga i vestlandøkonomien byrjar å bera frukter, seier Fresvik.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -