Foto: Gudmund Eiane
- Annonse -

Gudmund Eiane knipsa bilete av det gigantiske dekket då det kom til Sunnhordland i går kveld.

Reisa frå Sør-Korea har gått akkurat som planlagt. Akkurat på den planlagte dagen, to månadar etter avreise, seilte Aasta Hansteen-dekket rolig inn i sunnhordlandsbassenget i går, om bord på løftefartøyet Dockwise «White Marlin».

Dekket er no framme hos Westcon i Ølen. Operasjonen som skal gjerast i Ølen er å løfte dekket frå tungløfteskipet og organisere sjøsikringa av strukturen, då det vil bli løfta over på to mindre farty som skal transportere det til Stord.

Det er ikkje heilt klart nøyaktig kva tid dekket vil kome til Digernessundet der understellet står tålmodig i sjøkanten og ventar, men Statoil opplyser at det vil skje i løpet av desember.

– Når plattformdekket er overført vil ein også i løpet av desember samanstille plattformdekket med skoget. Dette vil skje i løpet av desember, og då vil ein også få inntrykk av korleis heile Aasta Hansteen-plattforma kjem til å bli sjåande ut for første gong. Så det blir ein spennande periode framover, fortalte pressekontakt Eskil Eriksen i Statoil.

Oljeselskapet ber eventuelle tilskodarar halde god avstand til skipet og plattforma, og rette seg etter vaktfartøy som skal sikre at operasjonane kan skje på ein trygg og god måte.

- Annonse -

Aasta Hansteen vil bli den største Spar-plattforma ai verda, og vil difor bli eit imponerande syn når samankoplinga er ferdig. Plattforma vil vere klar til uttauing til feltet våren 2018.

Spar-understellet i Digernessundet står godt opplyst i novembermørket, og skal snart koplast saman med dekket som kom i går. Foto: Gudmund Eiane

- Annonse -