Parkeringsplassen ved Landåsen får asfalt. Foto: Statens Vegvesen
- Annonse -

Vil vere stengt for parkering fram til 7. juni.

Parkeringsplassen på Vabakken ved Landåsen skal endeleg få asfalt. Det opplyser Statens Vegvesen på Facebook.

Anleggsarbeidet vil allereie starte i neste veke.

– I den samanhengen vert parkeringsplassen stengt frå og med tysdag 28. mai til og med fredag 7. juni.

Anleggsarbeid og asfaltering vil pågå i denne perioden.

- Annonse -