Restauranten Aroi i Austevoll startar thai- og sushiservering på Stord. Foto: Facebook
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Thai- og sushirestauranten Aroi på Austevoll skal starte matservering på Stord.

Både dei eksisterande asiatiske restaurantane og sushi-restauranten til Brygga 11 får konkurranse. Då opnar eit nytt take-away-tilbod på Vabakken, like utanfor Rema 1000-butikken.

– Planane våre er å føre opp eit modulbygg på Vabakken. Her blir det både thaimat og sushi, fortel Lars Eivind Vik.

Han driv i dag eit liknande serveringstilbod på Austevoll i tre år. No vil dei utvide, og ser på Stord som ein spennande marknad.

– Me har trua på dette. Sjølv om det er ein del asiatisk mat frå før på Leirvik, så er det ikkje så mange som driv med sushi.

– Me trur at denne plasseringa kan vere bra. Det er jo midt i smørauga, mellom Leirvik og Heiane. Ikkje minst er det nærme skulane.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Vik seier dei kjem til å tilsetje lokalt mannskap som skal lage mat i take away-restauranten.

– Me har nokre folk i Austevoll allereie som vil bidra på Stord. Me har ei som har vore kokk hos oss tidlegare, og som har god erfaring som kokk frå Thailand. Så må me sikkert skaffe oss nokre lokale folk.

Namnet på etestaden blir Aroi Leirvik, fortel Vik.

– Aroi betyr «godt» på thailandsk, forklarar austevollingen.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -