Endeleg blir tilhøvet betre for gåande mellom Leirvik sentrum og Kunnskapshuset i Sæ. Foto: Google maps
- Annonse -

Statens Vegvesen ønskjer å bygge eit etterlengta gangfelt frå «Grisarompo» mot Kunnskapshuset i Øvre Sæ i løpet av 2018.

– Dette er noko me ser eit stort behov for. Me ønskjer å knyte Kunnskapshuset saman med resten av gåarealet ned mot sentrum. Der manglar det ein bit på rundt 130 meter der me no ønskjer å bygge fortau, seier Dag Foseid i Statens Vegvesen.

Han understreker at han tek eit lite atterhald når det gjeld finansieringa frå fylket, men det har han tru på går i orden.

I følgje planane om miljøgate gjennom Leirvik sentrum vil det bli gang- og sykkelfelt også på denne strekninga, men desse planane ligg så langt fram i tid at Vegvesenet ser behovet for å få på plass ei snarlegare løysing.

– Miljøgateprosjektet kjem, men det blir tidlegast realisert i 2023 og utover. Korleis dette blir veit me ikkje enno. No gjer me dette for å få på plass noko som fungerer i ein periode fram mot ei meir permanent løysing. Dette kjem til å ha ein stor nytteffekt.

– Kva tid vil fortauet vere på plass?

- Annonse -

– No er det ute ein anbodsrunde som skal avgjerast i byrjinga av mars. Så dette vil skje så snart som mogleg, men iallfall i løpet av 2018.

Utover dette fortel Foseid at Vegvesenet også har tankar om å få eit gangfelt ved det nye bussanlegget som skal knyttast saman med fortau ned frå Ås, og vidare påkopling til turstien rundt Ådlandsvatnet. Men dette er førebels på planleggingsstadiet.

- Annonse -