Jørund Fjøsne viste fram ein ny fysisk modell av skulpturen til Anders Kjellesvik. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Trass i sterkt engasjement frå mostandarane, vedtok NMK-komiteen onsdag å plassere Kjellesvik-skulpturen på Leirvik Torg.

Avgått kunstkonsulent Jørund Fjøsne møtte opp på møtet i NMK-komiteen for å snakke varmt om skultpuren «Den Høgreiste og Havet». Det er blitt laga ein ny fysisk modell, der dimensjonane til skulpturen vart synt fram.

Jørund Fjøsne viste fram modellar av skulpturen, og korleis den vil passe inn i bybiletet. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Fjøsne kom med sterke oppmodingar til politikarane om å vedta skulpturen.

– Anders Kjellesvik er den unge kunstnaren frå Stord som gjer store kunstnariske oppdrag i verda. Så eg oppmodar politakarane om å senke skuldrane litt og ikkje vere så veldig redd. La han få høve til å vise kva han er god for.

Vedtok plasseringa

Trass i store protestar i lokabefolkninga, vedtok komiteen å gå vidare med plasseringa av skulpturen på Torget, med sju mot to røyster.

- Annonse -

– No må me bli ferdig med denne saka, og setje ho på Toget. Eg synest det ser ganske bra ut etter å ha sett modellane. Elles er alternativet å hive det og betale ut endå meir pengar, sa Geir Kannelønning (H).

Ville annullere kjøpet

Kjetil Eldøy (KrF) var blant dei som framleis ikkje blei overbevist over at skulpturen er ein god idé.

– Eg personleg vil ikkje ha dette kunstverket. Eg synest ikkje det passar på torget. Eg synest det blir for dominerande. Eg ser at dei har teke omsyn til dette med tryggleik, men eg vil likevel ta på meg røysta til folket som har valt meg inn.

Eldøy fremja eit forslag om å be rådmannen anullere avtalen med Kjellesvik, og gi han økonomisk kompensasjon, men dette forslaget blei altså nedstemt.

Dermed går saka vidare til kommunestyret for endeleg handsaming.

 

- Annonse -