Njord kom "heim" til Kværner Stord vinteren 2017. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Styresmaktene godkjende utbyggingane på totalt 20 milliardar kroner.

Njord A-plattforma og lagerskipet Njord Bravo er under oppgradering for å kunne hente ut attverande ressursar på Njord- og Hyme-felta medan Bauge er ein ny feltutbygging som skal knytast opp mot Njord A-plattforma. No er planane endeleg godkjend av styresmaktene.

– Det er gledeleg at styresmaktne no har godkjend planane for Njord og Bauge som er to viktige felt på norsk sokkel. Dei totale investeringane på 20 milliardar kroner inneberer stor aktivitet og ringverknadar for det norske samfunn og norsk leverandørindustri, seier Torger Rød, direktør for prosjektutvikling i Statoil i ei pressemelding..

Attverande ressursar på Njord og Hyme-feltet utgjer 175 millionar fat oljeekvivalentar. Dette svarar til like mykje reservar som allereie er produsert på Njord-feltet sidan oppstart av produksjonen i 1997.

Neste år vil lisenspartnarane i Njord ta ei avgjerd om kven som får oppdraget med å oppgradere lagerskipet Njord Bravo. Produksjonsstart er planlagt i slutten av 2020.

Njord-feltet leverte opphavleg plan for utbygging og drift for Njord-utbygginga for over 20 år sidan. No skal feltet produsere i nye tiår og partnarskapen har bestemt at både Njord A-plattforma og lagerskipet Njord Bravo skal brukast att. På Kværner Stord er som kjend oppgraderinga av Njord-plattformen i full gang.

- Annonse -
- Annonse -