Lensmannskontoret i bankbygget i Fitjar er snart historie. Foto: Google
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Tysdag 30. mai er Fitjar lensmannskontor historie, og blir erstatta med ein eigen politikontakt på Stord.

Som eit ledd i nærpolitireformen er Fitjar eitt av lensmannskontora som politidirektoratet har bestemt at skal leggjast ned. Då lensmannskontoret ikkje har anka avgjersla, vil kontoret allereie neste veke leggjast ned, skriv Sunnhordland.

– Det er vidare bestemt at det skal opprettast ein politikontakt i alle kommunar, med spesielt fokus der lensmannskontor vert lagt ned. Prosessen er i gang, og det skal peikast ut ein polititilsett som får denne funksjonen for Stord, Bømlo og Fitjar, skriv lensmann i Stord lensmannsdistrikt Roald Raunholm i eit brev til Fitjar kommune.

Det går fram i brevet at det frå 2017 vil bestemt kven som skal ha denne oppgåva fast, skriv avisa.

- Annonse -

I Sør-Vest politidistrikt er det totalt åtte lensmannskontor som vert lagt ned. Desse er Fitjar, Etne, Sveio, Tysvær, Hjelmeland, Gjesdal, Klepp, Hå og Bjerkreim.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -