Rådmann Magnus Mjør. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Lesarbrev: Det er uheldig at Stord24 gir inntrykk av at det er fritt fram for parkering i Leirvik, skriv Stord-rådmannen. 

Av: Magnus Mjør, rådmann i Stord kommune 

Vegvesenet har hatt tilsyn på parkeringsordninga i Stord kommune. Tilsynet hadde som føremål å kontrollera at kommunen held seg til regelverket for såkalla vilkårsparkering.

Den førebelse tilsynsrapporten syner at Stord kommune ikkje på alle område gjer det. Kommunen er i gang med å retta opp brota på regelverket.

Stord24 omtalar tilsynsrapporten under overskrifta «Alle parkeringsbøter som Stord kommune skriv ut er ugyldige». Dette er ei vurdering som lyt stå for Stord24 si rekning. Den er neppe korrekt. Tilsvarande gjeld for påstanden om at det bør «vere ein smal sak å få medhald i klagen dersom du oppgir at parkeringsboten manglar eit rettsleg grunnlag».

Det er ikkje tvil om at det er ein feil dersom kommunen ikkje har opplyst om det rettslege grunnlaget for bota. Det er likevel ikkje automatikk i at ein klage på eit slikt grunnlag vil få medhald.

- Annonse -

Som elles i forvaltninga gjeld at ein feil må vera av ein slik karakter at utfallet av saka hadde blitt eit anna dersom feilen ikkje var gjort. Det vil sei at bota ikkje ville bli gitt om dei korrekte formuleringane hadde stått på den gule lappen på frontruta. Den endelege vurderinga ligg rett nok til parkeringsklagenemnda, men det er vanskeleg både å sjå for seg- og å finna døme på slike tilfelle. Det er derfor uheldig at Stord24 gir inntrykk at det no er fritt fram for parkering i Leirvik.

- Annonse -