Emil Tranøy Aasheim er formann i Sunnhordland FpU. Foto: privat
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

DEBATT: Noko som SU ikkje vil snakka høgt om, er at Noreg aldri har gitt så mykje i bistand som det dei gjer no, under ei borgarleg regjering.

Av: Emil Tranøy Aasheim,
Formann, Sunnhordland FpU

Eg synes det er fantastisk at såpass mange har valt å kommentere, etter lesarbrevet mitt «Legg ned asylmottaka!» vart publisert. Uansett kor hen ein står politisk, er det klokt å engasjere seg slik at me opnar opp debatten og gjer den lett tilgjengeleg for alle å delta i.

Det som er mindre bra, er at fleire personar bevisst kommenterer før dei les innlegget, og drar konklusjonar utifrå det dei trur står der. Om ein hadde sponsa Stord24 med nokre kroner (og såleis støtta opp om lokal verksemd) får ein heile lesarbrevet tilgjengeleg, slik at ein faktisk har eit grunnlag når ein skal skrive eit svar. Å ikkje lese eit innlegg eller ein artikkel før ein kommenterer blir litt som å kritisere ein song du aldri har høyrt før, då framstår du i så fall som alt anna enn klok.

Eg er heller ikkje særleg imponert over at dei same personane påstår at Noreg gjer alt for lite for å hjelpe flyktningar eller andre land, det er direkte usant. I 2017 bidrog Noreg med 1070,5 millionar kroner til Syria åleine.

Til å være eit såpass lite land som Noreg, med rett over 5 millionar menneskjer, så gjer me ein formidabel innsats samanlikna med alle andre land i verda.

- Annonse -
- Annonse -

Noko anna som SU ikkje vil snakka høgt om, er at Noreg aldri har gitt så mykje i bistand som det dei gjer no, under ei borgarleg regjering. I 2017 gav Noreg totalt 34,1 milliardar kroner i bistand til andre land. Det er ei utvikling på 6,46% samanlikna med 2012 då dei raudgrøne satt i regjering.

Så eg ser helst at Stord Sosialistisk Ungdom legg fram tall og/eller statistikk som motbevis det eg har sitert. Opplysningane eg la fram i førre lesarbrev er nemleg henta frå SSB, og er krystallklare. Meinar kanskje Stord SU at desse talla er falske?

- Annonse -

Det har seg faktisk slik, at innvandring til Noreg, spesielt frå landgruppe 3, kostar staten pengar. Det er ikkje noko me tenar på, slik som Stord SU vil ha det til. Talla er også heilt rette, når dei forklarer at med innvandring så stig óg kriminaliteten. Her er det berre til å sjå til nabolandet vårt Sverige for bevis.

Det nyttar heller ikkje å pøse ut bistandskroner til land som Syria, Afghanistan eller Libya, nettopp fordi regima er korrupte og statane er desorienterte. Dei brukar heller pengane dei får på nye våpen, enn å la dei gå til nødhjelp som lokalbefolkninga deira sårt treng.

Det er derfor FpU er i mot å gje bistand til slike land. Er det kanskje nokon som kan dokumentera at det blei betre i Syria etter me donerte over 1 milliard kroner til dei i 2017?

Det finns ikkje ein einaste rapport frå Norad som seier dette. Eg vil derfor på det sterkaste anbefala alle som deltar i denne debatten, å sjå videopresentasjonen av
den amerikanske journalisten Roy Beck, om innvandring og verdsfattigdom forklart med tyggiskuler.

Kanskje då, vil det gå opp for fleire, at det er totalt nyttelaust å ha ordningar som asylmottak og ein slik bistands- og flyktningpolitikk som det me har i dag.

Om me faktisk har tenkt å gjera noko med problemet, må me gå etter rota. Det nyttar faktisk ikkje å sitte å ta inn flyktningar på ei lotteri-ordning, medan dei 99,995% sitt igjen der nede. Då behandlar du berre symptoma, ikkje sjølve sjukdomen.

- Annonse -