Magne Rommetveit kjem med hard kritikk mot Sunnhordland for at dei set denne annonsa på trykk. Foto: Arbeidarpartet/skjermdump
- Annonse -

KOMMENTAR: Stortingsrepresentant Magne Rommetveit meiner Sunnhordland bør skamme seg for å setje på trykk ei politisk annonse frå Framstegspartiet. Med det viser han ein heilt oppsiktsvekkjande mangel på rolleforstång.

Av: Jonas Sætre, redaktør i Stord24

Like før røystelokala har blitt stengt på valdagen publiserte Magne Rommetveit eit Facebook-innlegg, der han kjem med flammmande kritikk mot Framstegspartiet og bladet Sunnhordland.

Han viser til ei annonse som partiet har ute på Sunnhordland.no, der ei kvinne med burka er avbilda, med teksten «Burka hører ikke hjemme i Norge». Rommetveit skriv følgjande:

Denne annonsa kunne me i dag sjå på avisa sine nettsider. Og det på sjølve valdagen, og på same dagen som den terror-og drapssikta Philip Manshaus gjorde nazi-helsing då han blei vidare varetektsfengsla for muslimhetsen sin.

Skam dåke, bladet «Sunnhordland», nyleg premierte som den beste lokalavisa i Europa.
Det er flott at de stort sett skriv på nynorsk, men at de skal falla så djupt at de publiserer slikt søppel på sjølve dagen for eit LOKALVAL, finansiert av FrP sentralt.
Det er lågmål!

- Annonse -

At Magne Rommetveit reagerer på det politiske bodskapet til Frp er ikkje noko å reagere på. Tvert i mot er det heilt legitimt å kritisere Frp sin omfattande kampanje i valkampinnspurten, der partiet heilt openbart speler på framandfrykt for å skaffe røyster.

Men at Rommetveit kjem med såpass hard kritikk mot Sunnhordland, der han skriv at avisa bør skamme seg for å setje annonsa på trykk, er mildt sagt oppsiktsvekkjande.

Sunnhordland får svare for seg sjølv, men som redaktør for Stord24 vil eg vere svært varsam med å seie nei til annonser med politiske ytringar som held seg innanfor norsk lov. Det er ein rein prinsippsak. Når ein byrjar med ein slik sensur, er ein på veg mot ein svært farleg stad.

Rommetveit er tredje visepresident på Stortinget, og har dermed eitt av dei mest høgtståande verva ein norsk folkevalt kan ha. Med dette følgjer det med eit stort ansvar.

Innlegget hans viser ein heilt mangel på forståing for noko heilt grunnleggande i det norske demokratiet, nemleg maktfordelingsprinsippet.

Ein visepresident på Stortinget som kritiserer og utøver press mot ei lokalavis, fordi dei set på trykk heilt lovlege politiske ytringar, viser ein mangel på rolleforståing som gjer at ein kan stille spørsmål ved om han er verdig det høgtståande tillitsvervet han faktisk har.

Innlegget til Rommetveit har fått mange likes og støtte. Mellom anna frå sentrale namn i Stord Arbeidarparti, som Richard Storevik, Tarjei Haga, Rune Hantho, Hans Martin Haavik, samt den lokale SV-politikaren Karin Bell Trædal.

Har desse lokalpolitikarane verkeleg reflektert over kva dei gir støtte til? Vil dei verkeleg ha ei presse som driv sensur av politiske ytringar dei ikkje likar?

Og nei, dette har ingenting med partipolitikk å gjere. Det er like problematisk når ein Frp-statsråd offentleg seier han vil boikotte ei lokalavis fordi han ikkje likar det dei set på trykk.

Me lever i ei tid der ytringsfridomen er under stadig press frå fleire kantar. Difor er det alvorleg at Rommetveit ytrar det han gjer. Å bruka posisjonen sin til å utøve eit slikt press mot den frie pressa som dette er rett og slett ugreit.

Det burde faktisk Rommetveit forstå. Han skuldar redaktøren i Sunnhordland ei orsaking.

- Annonse -