Hege Økland er dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech. Foto: NCE Maritime CleanTech
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Under konferansen Nor-Shipping vil industriklyngene NCE Maritime CleanTech og Washington Maritime Blue signere ein partnaravtale for å styrke landa sitt samarbeid om grøn teknologi for skipsfarten.

Den internasjonale shippingindustrien sine ambisiøse mål om utsleppskutt krev samarbeid på tvers av landegrenser, skriv Stord-baserte NCE Maritime CleanTech i ei melding.

– For å møte nye krav og ambisiøse klimamåla må me akselerere utviklinga og implementeringa av låg- og nullutsleppsløysingar. Samarbeid mellom sterke industriklynger som oss er svært viktig i dette arbeidet, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.

– Samarbeidsavtalen som vart signert i dag er også i tråd med FNs berekraftsmål 17, som viser til korleis berekraftig utvikling krev partnarskap mellom styresmakter, privat sektor og samfunnet.

– Blant dei fremste klyngene

Styreleiarn for industriklynga Washington Maritime Blue, som er basert i Seattle i USA, Joshua Berger, seier NCE Maritime CleanTech er blant dei beste i verda på sitt felt.

– NCE Maritime CleanTech er blant verdas fremste klynger innan maritim miljøteknologi. Me er svært glade for moglegheitane denne avtala gir for samarbeid mellom norsk industri og bedrifter i delstaten Washington i USA, seier Berger.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Industrisamarbeidet er ei oppfølging av samarbeidsavtalen innan grøn maritim innovasjon, som vart signert mellom Innovasjon Norge og staten Washington i Seattle i mai.

– Vår erfaring er at klynger er viktige plattformar som aukar innovasjonstakta, ved at dei bringer selskap saman, legg til rette for kunnskapsdeling og bidrar til utviklinga av nye verdikjeder, seier Økland.

Raskare implementering

Klyngene meiner også at samarbeidet vil resultera i at deltakarane tidlegare får kunnskap om ny teknologi og nye løysingar.

– Ved å bruke ressursar på tvers av klyngene vil medlemmene våre får få førstehandskunnskap om ny miljøteknologi for skip. Me har også sett korleis kunnskapsdeling om nye løysingar kan gjere at implementeringa skjer mykje raskare, seier Berger.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -