Urban Water Shuttle.
- Annonse -

Klynga for grøn skipsteknologi, som har hovudkontor på Stord, skal utvikle ein elektrisk hurtigbåt som skal setjast i drift i Stavanger innan 2022.

EU har verkeleg vore gåvmilde med NCE Maritime CleanTech, som saman med Rogaland fylkeskommune har søkt om støtte til prosjektet som skal skaffe Stavanger-området ein elektrisk hurtigbåt.

Klynga får heile 110 millionar kroner i støtte gjennom EU sitt forskingsprogram Horisont 2020. Det er Dagens Næringsliv som melder dette i kveld.

– Dette skal konkret resultere i ein pilot som skal setjast i drift utanfor Stavanger, men tanken er at konseptet skal ha ein gjenbruksverdi for resten av Europa, seier daglig leiar Hege Økland i NCE Maritim Cleantech til avisa.

Milestein

Hege Økland, Foto: NCE Maritime CleanTech

Økland seier til Stord24 at klynga aldri har vore i nærleiken av ei så stor forskingsløyving tidlegare.

– Me er kjempenøgd med dette. Dette er ein milestein for oss og noko me har jobba med lenge. No er me sikra ein veldig god finansiering. Dette er eit resultat av eit fantastisk teamarbeid i klynga og med partnarane våre i Europa, seier Økland til Stord24.

- Annonse -

Den elektriske hurtigbåten, som har fått namnet «TrAM», skal byggast på Fjellstrand verft, og Hurtigbåten skal gå mellom Stavanger og Hommersåk. Det er også Fjellstrand som har utvikla den elektriske ferja Ampere.

Lokale ringverknader

Prosjektet kjem også til å gi arbeid til fleire lokale verksemder. Wärtsilä, Apply Leirvik og Bømlo-verksemda Servogear er involvert i prosjektet.

– Det er veldig kjekt at me har med oss lokale selskap. Apply Leirvik er med på materialteknologien, der dei mellom anna skal bygge ein terminal. Når det gjeld Wärtsilä så er det den nederlandske avdelinga me skal jobbe med, men samarbeidet kjem nok også til å gå veldig opp mot Stord-avdelinga.

Økland seier at støtta på 110 millionar frå EU-programmet Horisont 2020 er nok til å dekke 80 prosent av kostnaden ved prosjektet. Om det vil føre til nye tilsetjingar på Stord står att å sjå.

– Det er litt for tidleg å seie. Me har jo auka staben vår i 2017, så no er me seks tilsette. Men me har ein arbeidspakke i dette prosjektet som me skal levere på, så det går ein del finansiering til oss i tillegg til bedriftene.

På Themsen og i Belgia

I løpet av det fireårige prosjektet skal det byggast eit fysisk fartøy som skal gå på sambandet Stavanger – Hommersåk i Rogaland. I tillegg vil det bli gjennomført to studiar for same type fartøy i London og Belgia, for å utforske moglegheitene for gode alternativ til dieselferjer på utvalde samband i Europa

Det banebrytande prosjektet startar allereie i juni i år. Prosjektet får også støtte av Forskningsrådet og Innovasjon Norge.

Forskningsrådet er imponert og stolt av Rogaland fylkeskommune og NCE Maritime
CleanTech som har lukkast med å nå opp i konkurransen om høgthengande EU-midlar. Her
er det berre dei beste i Europa som når opp, seier internasjonal direktør i Forskningsrådet, Kristin Danielsen.

- Annonse -