Stortingsrepresentant Magne Rommetveit (Ap) Foto: Bernt Sønvisen/Troms Arbeiderparti
- Annonse -

– Det er jo hakkende gale, seier stortingsrepresentanten.

Måndag kveld skriv Bergens Tidende at Stord-politikar Magne Rommetveit (Ap), som er visepresident på Stortinget, blei nekta å møte leiinga og tillitsvalde i Nav Sunnhordland.

Rommetveit hadde teke initiativ til møtet med NAV-kontoret i samband med den pågåande NAV-skandalen, der eit ukjent tal nordmenn har blitt urettmessig dømt for trygdesvindel. Han ønskte å høyre korleis dei tilsette opplever stormen.

– Eg fekk beskjed av Nav Sunnhordland om at møtet ikkje kunne bli noko av. Leiinga hadde fått melding frå direktøren i Nav Vestland, som hadde fått melding frå Arbeids- og velferdsdirektoratet, som igjen hadde fått melding frå departementet om at Nav Sunnhordland ikkje fekk treffe meg, seier Rommetveit til avisa.

– Litt rart

Astrid Østerlid i NAV.

Regionleiar i Nav Sunnhordland, Astrid Østerlid, fekk melding på fredag at møtet måtte avlysast. Møtet med Rommetveit skulle etter avtalen skulle haldast måndag.

– Det er litt rart at me ikkje skal få lov, men me må forhalde oss til det me får beskjed om, seier Østerlid til avisa.

- Annonse -

Den tidlegare Stord-ordføraren reagerer sterkt til BT på at han blei nekta å møte dei tilsette.

– Det er jo hakkande gale. Viss me blir nekta av dette av regjeringa, så fungerer ikkje demokratiet.

Rommetveit har sendt eit skriflteg spørsmål til arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie, der han krev svar på at han som stortingsrepresentant blir nekta møte det offentlege kontoret.

Det har ikkje lukkast Bergens Tidende å få noko svar frå departementet om årsaka til at dei nekta møtet på Nav-kontoret.

Mange reaksjonar

Mange reagerer på Rommetveit sitt Facebook-innlegg om saka (sjå under).

Journalistveteran Geir Rommetveit, som er bror til Magne, skriv følgjande om stortingsrepresentanten sitt ønskje om svar frå ministeren:

– Invitert dei på Sykkel og Kaffi. Dette er god start for neste valkamp, kanskje?

Tidlegare leiar i Sp-statsråd, Magnhild Meltveit Kleppa, rosar Rommetveit for å stå fram med saka.

– Viktig å seia frå, bra, Magne!

Det er absurd og heilt forkasteleg at Arbeids-og sosialdepartementet nektar meg å møta leiinga saman med dei…

Geplaatst door Magne Rommetveit op Maandag 18 november 2019
- Annonse -