Illustrasjonsfoto.
- Annonse -

Det var like før klokka 18 tysdag kveld at naudetatane fekk melding om at det brant i eit hus nord på Bømlo.

– Det viste seg å vere på kjøkenet, der det hadde teke fyr i ein ventilator. Bebuarar på staden hadde klart å sløkkje brannen sjølv, opplysar vaktsjef ved Haugesund politistasjon, Andre Skram Hansen.

Ingen vart skadd i brannen, men grunna røyk og sotskadar i heimen overnatta bebuarane i ein anna leilegheit.

– Politiet har oppretta sak så dei kan finne ut kva som har skjedd, om det til dømes har vore uaktsomheit inne i biletet, seier Hansen.

Politiet var ferdige på staden like etter klokka 19.