I slutten av februar hamna ein arbeidar i klem under nokre røyr i samband med graving i Vatnadalsvegen. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Ein mann i 20-åra hamna i klem under nokre røyr i Vatnadalsvegen.

Politiet fekk melding om arbeidsulukka klokka 11:55 torsdag.

Då politiet kom til staden klokka 12:02 var ambulansen allereie på plass og i kontakt med vedkommande som hadde hamna i klem, opplyser operasjonsleiar Olaug Bjørnsen i politiet sin operasjonssentral.

– Ein person har kome i klem under nokre røyr. Ukjent skadeomfang, skriv Politiet i Sør-Vest i den første Twitter-meldinga om hendinga.

Klokka 12:14 vert det opplyst om at personen har overfladiske skader og smerter i hovudet. Vedkommande skal vere vaken, men skadeomfanget er ukjent.

– Det har vore eit mindre arbeidsuhell, der ein person er kome i klem mellom nokre røyr i samband med avlossing av desse røyra, seier innsatsleiar Kjetil Hauge.

- Annonse -
Politiet har opplyst om at personen som har kome i klem har overfladiske skader og smerter i hovudet. Foto: Jonas Sætre/Stord24

– Korleis er tilstanden hans?

– Han er nok lettare skada, det ser ikkje ut til å vera noko alvorleg. Han var med medvit og har blitt tatt med av lege til sjekk.

– Kva veit de om årsaka til uhellet?

– Me har ein viss formeining om kva som har skjedd. No tek me vitneavhøyr og åstadsundersøkingar, så gir den vidare etterforskinga svar på kva me kan konkludera med, seier Hauge.