- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Båten «Taupiri» skal avlive, bløgge og frakte laks til slakteri for Mowi. 

Fitjar Mekaniske Verkstad har allereie bygd båten «Taupo», som første ei ein ny serie prosessbåtar for Bømlo-reiarlaget.

No er det klart at søsterskipet «Taupiri» også kjem for bygging på Fitjar. I likheit med søsterskipet vil det bli 43 meter langt og lunne laste 300 tonn med fisk, opplyser Napier i ei pressemelding.

– Eg er glad for at det vellukka samarbeidet med Mowi no blir utvida. Eg meiner at dette er framtida sin måte å transporete laks frå merd til slakteri, opplyser Kjetil Tufteland, dagleg leiar i Napier.

Han opplyser at fisken vil bli avliva raskt og slepp stress ved transportering til båten, noko som betrar fiskevelferden.

– Metoden gir difor betre kvalitet på sluttproduktet og ein unngår tap av fisk under transporten til slakteriet. Viktig er også den biologiske tryggleiken ved denne type fartøy, der alt skjer lukka og ingenting vert slept ut til omgjevnadane, seier Tufteland.

- Annonse -
- Annonse -